Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. Kvalitetskriterium og vurderingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bokmelding

Ei bokmelding er ei personleg vurdering av ei bok du har lese. Som bokmeldar må du vere open og velvillig innstilt overfor boka du skal skrive om. Du må òg underbyggje synspunkta dine. Derfor må du trekkje fram dei sidene ved boka som du oppfattar som viktigast, og som du byggjer vurderinga di på.

Jente holder en appelsin. Foto.
Skuespiller Emile K. Beck har ei sentral rolle i filmatiseringa av Jostein Gaarders roman Appelsinpiken.

Ulike målgrupper, ulik form

Meldingar kan vere veldig forskjellige: korte eller lange, saklege eller humoristiske. Meldaren har lov til å setje sitt personlege preg på teksten, men må sjølvsagt ta omsyn til om meldinga for eksempel skal stå i ei lokalavis, i eit litteraturtidsskrift eller på ei nettside for ungdom.Her kjem nokre allmenne råd:

Overskrift

Overskrifta (tittelen) på meldinga skal formidle hovud-inntrykket ditt: ”Lovande debutroman” eller ”Skuffande frå Gaarder”, osv. Du skal altså tone flagg med ein gong, og deretter grunngi og utdjupe vurderinga di.

Innleiing

Det første lesaren treng, er nokre grunnleggjande opplysningar om boka: tittel, forfattar, sjanger, forlag og utgivingsår. Desse opplysningane kan du presentere i innleiinga, eller du kan samle dei i ein eigen faktaboks. Dersom du vel å bruke faktaboks, står du i grunnen fritt til å innleie teksten akkurat slik du vil.

Set gjerne boka inn i ein samanheng: Har forfattaren for eksempel skrive andre bøker om liknande tema? Er temaet i boka samfunnsaktuelt?

Røp litt, men ikkje alt

Det viktigaste spørsmålet lesaren vil ha svar på, er sjølvsagt kva boka handlar om. Fortel kva du meiner temaet er, og røp litt av handlinga, men ikkje alt. Du skal først og fremst gjere lesaren nysgjerrig og vekkje leselyst.

Forfattarhandverket

Andre sider ved boka som du bør komme inn på, er for eksempel språkbruken og forfattaren si evne til å skape spenning og truverdige person- og miljøskildringar.

Avslutninga

Avslutninga skal vere kort. Ho kan ha ein konklusjon (som må vere i samsvar med overskrifta og innhaldet elles). Du kan gjerne komme med ei anbefaling til slutt.

Læringsressursar

Kvalitetskriterium og vurdering