Objektiv vurdering er basert på kjenneteikn som alle er einige om. Subjektiv vurdering er basert på kritikarens smak. Når vi skriv ei melding om eit medieprodukt, bruker vi både objektive og subjektive kjenneteikn på kvalitet.

Korleis måle kvalitet?
Korleis kan vi vurdere om eit medieprodukt er godt eller dårleg? Korleis måler vi kvalitet? Vi veit jo at menneske kan ha forskjellig smak, men er det slik at smak automatisk måler kvalitet? Svaret er sjølvsagt nei. Så korleis skal vi da klare å finne ut om eit produkt har god kvalitet eller ikkje?
Klare kriterium for teknisk kvalitet
Teknisk kvalitet er kanskje det enklaste å vurdere. Eit bilete bør vere skarpt og ha rette fargar, og motivet må vere plassert riktig. Ei nettside bør ha enkel navigasjon og lenker som fungerer.
Ein film kan vurderast ut ifrå om fotograferinga er god, om klippinga fungerer, eller om spesialeffektane er truverdige. Eit spel kan ha god eller dårleg grafikk og funksjonar som er trege eller ikkje fungerer. Ein lydproduksjon kan ha god lydkvalitet eller vere skjemd av støy.
Subjektiv eller objektiv vurdering?
Vurdering av teknisk kvalitet kan til ein viss grad vere objektiv. Det blir langt vanskelegare når ein skal vurdere om skodespelarprestasjonane i ein film er gode eller dårlege. Dei fleste filmmeldarar innrømmer at dei har eit subjektivt syn som dei lèt skine igjennom i vurderinga si. Det vil seie at dei har laga sine eigne mål på om det dei vurderer er godt eller dårleg. Det kan ein godt gjere, men da må det komme klart fram at det er ei meining og ikkje ei absolutt sanning.
Når du skal lage ei melding av eit medieprodukt, bør du setje opp ei liste over vurderingskriterium på førehand. Dersom du skal vurdere ei web-side, kan til dømes eitt av vurderingskriteria vere i kva grad bilete og tekst engasjerer brukarane og gir dei lyst til å klikke seg vidare.
I utgangspunktet bør du prøve å grunngi vurderinga ut frå eit fagleg standpunkt. I tillegg kan du komme med eigne, grunngidde meiningar bygde på erfaringar med liknande medieprodukt.
Læringsressursar
Kvalitetskriterium og vurdering
Fagstoff
Skriv ei melding av eit dataspel
KjernestoffFilmmelding
KjernestoffBokmelding
KjernestoffSlik lagar du ei TV-melding
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Vurder bloggen til ein idrettskjendis
KjernestoffVurder ndla.no
KjernestoffVurder rappen Brotsmannskvad
KjernestoffLag ei filmelding om ein reklamefilm
KjernestoffMeld filmen Tuba Atlantic
KjernestoffVurder ein haldningskampanje
KjernestoffVurder Real Life Auto
Kjernestoff
Vurderingsressurs
Vurder ditt eige medieprodukt
Kjernestoff