Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MedieforskingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Medieforsking

Forskarar nærmar seg mediekommunikasjon på ulikt vis. Nokre studier har fokus på kven som set dagsorden. Brukarstudie ser på kvifor folk brukar media. Kultiveringsteoriar handlar om korleis media påverkar oss.

Forstørrelsesglass som forstørrer skrift. Foto.

Fokus på sendaren

Ein modell tek utgangspunkt i sendarsida i kommunikasjonsprosessen. Her er ein oppteken av korleis medium som fjernsyn, aviser og radio gjennom dei redaksjonelle vala av saker set dagsorden for politikarar og folkeopinionen og vinklar sakene på bestemte måtar. Denne modellen blir kalla agenda setting eller framing på engelsk.

Fokus på mottakaren

Brukarstudiar set søkjelyset på kvifor mediebrukarar tyr til bestemte medium framfor andre. Kvifor bruker mange tida si på Facebook framfor å sitje framfor TV-en? Svaret på dette er at vi bruker dei media vi føler at vi får mest att for å bruke. Denne modellen blir ofte nytta for å forklare at sosiale medium er blitt så populære.

Kultiveringsteoriar er opptekne av om personar kan få opparbeidd enkelte behov ved at dei bruker bestemte medium over lengre tid. Media kultiverer, det vil seie dyrkar fram, visse haldningar og verdiar ved gjenteken og langvarig påverknad. Til dømes lurer forskarane på om personar som ser mykje vald på fjernsyn eller i dataspel, også har lettare for å utføre vald i det verkelege livet.

Forskingsprosessen

Forskarar prøver å framskaffe ny kunnskap om eit fenomen. Ein vanleg måte å gjere dette på, er innsamling og bearbeiding av empiriske data. I eit kvantitativt forskingsopplegg samlar vi inn informasjon som lèt seg talfeste. I eI eit kvalitativt forskingsopplegg samlar vi inn informasjon som ikkje let seg uttrykke i form av tal, men som vi må skilde med ord. I større forskingsprosjekt er det ikkje uvanleg å kombinere desse to metodane.

Læringsressursar

Medieforsking