Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Det gløymde folketChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Det gløymde folket

Barn är ett folkoch dom bor i ett främmande land, syng svenske Beppe Wolgers. Ei ny undersøking syner at ingen norske aviser har korrespondentar i dette landet, og ikkje skjønar vi språket dei snakkar heller.

Barn som hopper

Av Sven Egil Omdal

Aftenposten har fått analysebyrået Retriever til å undersøkje kva rolle barn spelar i norske aviser. Svaret er at dei spelar ei ørlita birolle, omtrent utan replikkar. Berre kvar tiande avisartikkel handlar om barn, og barn er kjelder berre i kvar 20. artikkel som handlar om dei sjølve. Når avisene skriv om politiske vedtak som påverkar barn sine liv, er det ingen som kjem på å spørje barna.

Aftenposten har teke konsekvensen av dette og lanserte i slutten av april ei eiga vekeavis for barn. Målet er både å presentere nyheiter for barn, men også å la barn få snakke sjølve. – Når barn les avisene, blir dei presentert for eit bilete der dei blir framstilte som offer. Når dei les om barn i andre land, sit dei att med eit inntrykk av at barn andre land har det veldig vondt, seier analysesjef Kristina Nilsen i Retriever til Aftenposten.

Afrikanarar og muslimske kvinner kunne sagt det same. Slik er det å vere minoritet, du er berre interessant som offer og lidande. Fargane forsvinn, variasjonen blir borte. Andre tolkar korleis du har det, i beste fall kjem du med på biletet.

Kanskje lukkast Aftenposten. Frankrike har hatt ei slik barneavis, Mon Quotidien, sidan 1995. Ho er så populær at ho har fått to avleggjarar, Le Petit Quotidien for dei under 10, og l’Actu for dei over 14. Men mykje viktigare enn eigne aviser, er kva andre norske redaksjonar gjer for å vere relevante for lesarar frå 16 til 25, dei åra då samfunnsengasjementet blir forma – eller sløva.

Det kom ein mail frå ein sint lesar i Trøndelag. Eg hadde brukt eit par latinske ord som han ikkje forstod, og noko slikt ville han ikkje finne seg i. Han rekna seg sjølv som ein oppegåande person og meinte han var representativ for lesarane. ”Vi som betaler for avisa, må vel ha krav på eit forståeleg språk”, skreiv han.

Han opplyste ikkje kor gamal han var, men eg tippar at han både forstår uttrykket ”hoppe etter Wirkola” og veit korleis det oppstod. Over 50 altså. Det finst dei under 50 som bruker formuleringa, men ettersom Bjørn Wirkola avslutta karrieren i 1970 – for 42 år sidan – er sjansane små for at dei hugsar dei stilreine sveva han gjennomførte, og kvifor det var så vanskeleg å hoppe etter han utan å få dårlege stilkarakterar.

Slik skriver altfor mange journalistar. Vi bruker referansar som blir eit forståeleg språk for Dei Over 50 (”han er kjend frå Detektimen”), vi stiller spørsmål som berre Dei Over 50 bryr seg om (”Når er den beste tida for å selje huset og flytte i leilegheit?”), og vi åtvarar mot trugslar som berre Dei Over 50 ser (”Kor farlege er dataspela?”). Verst er dei store regionavisene. Fordi dei er slutten på karrierestigen til mange journalistar, har redaksjonane der den høgste gjennomsnittsalderen i bransjen. Sjølv ungane til fjernsynsmedarbeidaren er blitt for gamle til at han kan bruke dei som kjelder.

Den største utfordringa for dei store avisene er ikkje å få ungdom til å abonnere på papiravisa, det kjem ikkje til å skje. Men dersom også nett- og mobilutgåvene omtalar barn og unge som framande og eksotiske folk, vil desse folka før eller seinare vende seg mot nye aktørar og bli informerte av andre enn det tradisjonelle avishuset. Det står mange klare til å hoppe etter Wirkola.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale