Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Janus – den første journalistenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Janus – den første journalisten

Dei to norrøne ramnane Hugin og Munin, Odin sine to utsende reporterar, blir vanlegvis omtalte som dei første journalistane. Men om no pressa skal hente inspirasjon frå mytologien, er den romerske guden Janus eit vel så godt førebilete.

Janusansikt innover. Grafikk.

Av Sven Egil Omdal

Janus hadde ei oppgåve som medførte at han måtte ha to ansikt, eitt som såg framover, og eitt som såg bakover. Som det står skrive på Wikipedia: ”Dette for å symbolisere alt som er splittet og tvetydig, både de positive og negative aspektene ved en sak eller handling.”

Her om dagen fekk Janus jobb i redaksjonen i Aftonbladet, den største avisa i Sverige. Som andre redaksjonar bruker Aftonbladet mykje energi på å rapportere frå maktromma i samfunnet. Dei følgjer tett kva partileiarane seier, kva direktørane gjer, og kva professorane meiner. Med jamne mellomrom lagar dei lister over dei mektigaste menneska i Sverige, slik norske aviser kårar verdas mektigaste nordmenn.

Men så ein dag, i slutten av januar, snakka plutselig det andre ansiktet. På avisa sine kultursider var plassen rydda for ei liste over dei 100 minst mektige i landet. Aller øvst stod ein 36 år gammal svenske som er kidnappa av ei Al Qaida-gruppe i Timbuktu som trugar med å drepe han.

På lista stod også den 91 år gamle, synshemma, demente og hjartesjuke Ganna Shyzevska som skulle utvisast til Ukraina, der ho ikkje har nokon pårørande. Bilen var omtrent på veg til flyplassen då Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg smekka det svenske Innvandrarverket (parallellen til norske UDI) over fingrane, og sa at utvisinga kan vere ”umenneskeleg behandling”. Ganna Shyzevska får lov til å bli mens retten vurderer saka, men ho har inga makt over sin eigen skjebne.

Nokre dagar etter at Aftonbladet trykte lista si, drog fleire tusen journalistar frå heile verda til Davos i dei sveitsiske Alpane. Dei drog i flokk og følgje for å dekkje det årlege økonomiske toppmøtet, der 2600 av verdas aller mektigaste politikarar, forretningsfolk, byråkratar og forskarar møtest. Det var berre ståplassar att på pressekonferansane og kø ved skriveborda i pressesenteret. Dei fleste sende heim nokså likelydande reportasjar.

Ei av journalistikkens viktigaste oppgåver er å vere brua mellom dei avmektige og dei som har makt. Det er ein tung og krevjande jobb, dei utslåtte har ingen pressetalsmenn eller medierådgivarar. Dei kan vere vanskelege å finne, dei er redde for å snakke, og når dei gjer det, er det ofte på eit framandt språk. For journalistane er det langt meir komfortabelt å vere sendebod mellom elitane: Så sa statsråden dette, deretter svarte direktøren noko anna, som førte til at saka skal utgreiast.

Norske medium overser ikkje dei avmektige. Lista over dei nominerte reportasjane til årets Skup-pris, påskjønninga for den beste gravejournalistikken i landet, er full av eksempel på journalistikk med janusblikk, der også dei negative sidene ved vårt velorganiserte, rike og vel tilfredse vesle samfunn blir avdekte. Men balansen er veldig skeiv. Det gir mykje meir status å skrive frå vandrehalla i Stortinget der politikken blir utforma, enn å rapportere frå asylmottak om korleis han verkar i praksis.

Det økonomiske presset på redaksjonane, nedskjeringane i staben og auka krav til hyppigare publisering i stadig fleire kanalar, fører til at journalistane oftare sit ved skjermen og telefonen og sjeldnare dreg ut på arbeidsplassar der thailandske bærplukkarar blir lurte (nummer 13 på Aftonbladets liste. I fjor heldt 210 av dei på å fryse i hel i Stadsparken i Luleå før frivillige hjelpte dei), eller til nattemørke kontor der latviske reinhaldsarbeidarar slit for 27 kroner timen 12 timar om dagen, sju dagar i veka (nr. 35).

Lista i Aftonbladet var eit stunt, i det daglege er det framleis makta som dominerer, ikkje avmakta. Men ho var ei fin påminning om at journalistikken sitt sanne ansikt er dobbelt og ser til begge kantar samstundes.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale