Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Spørsmåla vi ikkje bør stilleChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Spørsmåla vi ikkje bør stille

Det finst spørsmål ingen journalist bør stille. Det finst sanningar vi ikkje treng å kjenne. Dei overlevande frå Utøya skal sleppe å måtte svare på kva dei kunne gjort annleis. Det burde Nettavisen ha forstått.

Utøya i tåkedis. Bilde.

Av Sven Egil Omdal

M/S Thorbjørn, den vesle ferja som bind Utøya til fastlandet, drog frå øya nokre minutt etter at dei første skota fall. Om bord var ni personar, mellom dei leiaren i AUF, Eskil Pedersen. Ferja blei førd av Jon Olsen, som nettopp hadde sett sambuaren sin bli skoten. Ingen andre var innanfor synsvidd då ferja la frå kai.

I fleire artiklar har Nettavisen detaljert skildra korleis ferja ikkje tok kortaste vegen til fastlandet, men gjekk nordover fjorden fordi folka om bord frykta at Anders Behring Breivik hadde medhjelparar på den andre sida. Nettavisen nøyer seg ikkje med å fortelje kva som faktisk skjedde, men kryssar også grensa til det kontrafaktiske – til det som kunne, eller burde, ha skjedd. I ein av artiklane står det: ”Fergen – som er bygget i stål – kunne imidlertid blitt brukt som beskyttelse mot de dødelige kulene, dersom de hadde oppholdt seg på noen titall meters avstand fra skytteren.”

Journalisten har ringt til verftet som bygde ferja – for 63 år sidan – og fått opplyst at stålplatene i skroget er minst åtte millimeter tjukke. Han har intervjua våpenekspertar som seier at kuler frå dei våpna Behring Breivik brukte, ”neppe” ville gått gjennom stålplatene.

Artikkelen inneheld inga direkte skulding mot Eskil Pedersen og skipperen for å ha svikta dei som kasta seg i vatnet for å komme bort frå terroren. Men nokre gonger ligg kritikken i kva spørsmål vi vel å stille. Nettavisens undersøkingar av tjukkleiken på skroget og gjennomslagskrafta til kulene er berre interessante i ein debatt som spør om dei ni på ferja burde handla annleis. Kanskje dei burde ringt til verftet, dei også? Eller teke ein sjekkerunde til våpenkyndige for å høyre kor nær drapsmannen dei kunne gå?

Ein av dei som forstod kva slags skulding som var bygd inn i spørsmåla, var kommentator i Dagsavisen, Hege Ulstein. Ho skreiv: ”Saken burde aldri vært publisert. Hva skulle de som var om bord liksom gjøre? Dra tilbake og bli skutt i hjel?” Stortingsrepresentantar frå Arbeidarpartiet og pårørande til overlevande reagerte også. Men Nettavisens redaktør, Gunnar Stavrum, skjøna ikkje at han hadde kryssa ei grense. Han skreiv ein sint kommentar som han kalla ”Sannhet og heksejakt”, der han mellom anna skulda Hege Ulstein for å ville ”stanse journalistikken”.

Sjeldan har vi hatt større behov for journalistikken enn i dagane og vekene etter 22. juli. Nasjonen, og store delar av verda utanfor Noreg, hadde eit enormt behov for pålitelege fakta og kloke analysar. Etter dei første sjokkarta døgna tok også norske journalistar fatt på den viktige, kritiske oppgåva: Kunne politiet reagert raskare? Burde dei alliert seg med brannvesenet, brukt private båtar, køyrt ein raskare veg, skote frå helikopter? Vanskelege spørsmål blir stilte, svara er unnvikande og nokre gonger aggressive. Sjølvsagt slit det på dei ansvarlege i politiet å vite at kvart minutt dei mista, kan ha kosta nokre ungdommar livet, men ei av dei viktigaste oppgåvene til pressa er å utfordre myndigheitene, sjølv om det skjular seg menneske med kjensler bak uniformene.

Derimot har vi ingen rett til å kritisere ofra, direkte eller indirekte. Det går an å spørje kvifor dei ikkje gjekk til motåtak, eller nytta ferja som skjold mens dei redda folk opp av sjøen. Men det er uanstendige spørsmål, som flyttar noko av ansvaret over på dei som ikkje skal bere det. Den journalistikken kan vi trygt stanse. Det finst så mange slags sanningar, nokre av dei skal vi berre la liggje.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale