Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Anonymitet i Google-tidaChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Anonymitet i Google-tida

Er ein person anonymisert om det tek mindre enn 15 sekund å finne ut kven han er?

En gul håndveske og en plakar med påskrift Me too. Foto.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Noko skjer om #metoo blir til #itwashim. Om merksemda blir flytta frå mange kvinner sine like opplevingar til enkeltpersonar si skuld. Kampanjen mot seksuell trakassering kjem til å endre kulturen på arbeidsplassane. Det skjer fordi nokre mektige menn blei namngitte, men minst like mykje fordi tusenvis av andre ikkje blei det. Fordi overgriparane ikkje blei identifiserte, kunne kvinnene fortelje historiene sine i eit slikt omfang at verken arbeidsgivarar, politikarar eller andre beslutningstakarar kunne ignorere dei. Vi fekk vite kor stort problemet er, i staden for nokre få avsløringar av menn som har oppført seg som svin.

Skulle kvinnene namngi kvar mann som hadde befølt, pressa, tafsa, og i verste fall valdteke dei, ville både rettssamfunnet sine reglar og presseetikken slått inn med heilt andre krav til dokumentasjon, imøtegåing og personvern. Vi ville fått langt færre historier, og det ville vore mykje lettare å skulde på nokre få svarte får.

Mange tok til orde for at pressa skulle identifisere. Dei aller fleste redaktørar sto imot kravet. Det meinte nok også redaktøren av Medier24.com å gjere, då han skreiv om ein 16 år gammal sak frå ei stor lokalavis. Saka var typisk, og viktig: På julebordet i 2001 blei ein ung journalist utsett for noko ho sjølv karakteriserer som eit grovt overtramp. Ho var tøff nok til å klage til avisleiinga og varsle kollegaer. Kort tid etter blei mannen som trakasserte henne, forfremja. Utnemninga skjedde trass i at sjefredaktøren kjende til skuldingane, og trass i sterke protestar frå redaksjonsklubben. I dag – etter #metoo – ville sjefredaktøren vore i alvorleg trøbbel om han hadde gjort det same.

«Medier24 har valgt å anonymisere mannen», står det med kursiv, etter at dei fleste detaljar i den 16 år gamle saka er presentert. Anonymisere? Det tok 15 sekund å flytte nokre av opplysningane over i Google, som lynraskt oppgav namnet. Overgriparen frå 2001 var berre anonymisert for dei som ikkje gadd å finne ut kven han var.

Ein svensk sjef i Schibsted blei i haust først suspendert og slutta sidan i jobben etter fleire skuldingar om alvorlege overgrep mot kvinnelege kollegaer. Vi som kjenner Schibsted innanfrå, kunne nokså enkelt finne ut kven han var, folk flest kunne det ikkje. I Sverige blei han etter kvart namngitt i nynazistiske og høgreradikale medium, han har minoritetsbakgrunn. Ingen tradisjonelle medium namngav han, verken i Sverige eller Noreg. Slik var situasjonen til 17. november, då han blei identifisert av Medier24.com. Straks plukka Document.no opp saka og gjorde henne til ei skulding om at media «henger ut hvite menn», men held kjeft om menn med minoritetsbakgrunn. «[Redaktør Gard L.] Michalsen og Medier24 er et friskt pust inn i det støvete, ryggdunkende brorskapet norsk presse har vært i alle år», skriv Document.no. Denne ryggdunkande brorskapen har heilt sidan 1936 utforma og forsøkt å halde felles presseetiske reglar.

Spørsmålet om når ein skal identifisere, har alltid vore eit av dei vanskelegaste. Om Schibsted-toppen skulle identifiserast eller ikkje, er innanfor den fridomen redaktøren har til å bestemme sin eigen standard, sjølv om valet i dette tilfellet blei bejubla av dei som først og fremst er opptekne av mørkhuda overgriparar. Men det har vore semje om at om ein vel å anonymisere, må ein sørgje for at det faktisk er det som skjer.

I søkjemotorane og dei sosiale media sin tidsalder må redaksjonene rekne med at tilsynelatande anonyme opplysningar lett kan føre fram til både familie, vennekrins, noverande arbeidsgivar og alt anna som omsluttar eit menneske. I saka frå 2001 anonymiserte ikkje Medier24 mannen, dei unnlét berre å skrive namnet hans. Det er ikkje lenger det same.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale