Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Her er ingen kjære Mark!ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Her er ingen kjære Mark!

Tenk kor enkel verda ville vore om Facebook berre snakka norsk.

Avisstativ med Aftenposten der hovedoppslaget er Dear Mark og et bilde fra Vietnamkrigen. Foto.

Av Sven Egil Omdal

Ein norsk mann blei arrestert i Thailand, mistenkt for omfattande seksuelt misbruk av mindreårige. Lokalavisa i byen mannen kjem frå, brukte eit bilete der han sat midt i ei gruppe svært unge thailandske gutar. I tråd med god, norsk presseskikk sladda avisa andletet til mannen. I strid med den same presseskikken sladda dei ikkje gutane. Dei var jo så langt borte. Det same biletet blei brukt av ei engelskspråkleg avis i Thailand. Der sladda dei gutane, men ikkje mannen.

Dette skjedde før Facebook overtok som verdsredaktør. I dag er sjansen stor for at algoritmane ville oppdaga at desse to artiklane er i slekt, og derfor vist dei saman. På denne måten ville brukarar i Thailand kunne identifisere dei lokale gutane, medan norske brukarar ville få sjå eit usladda bilete av den tiltalte.

Dette eksempelet bør få oss til å lytte litt betre til det Patrick Walker, ein av toppsjefane i Facebook, sa, då han på sjølvaste halloween skremde ein flokk norske redaktørar. Sjefredaktør Espen Egil Hansen har fått mange sarkastiske kommentarar for Aftenpostens «Dear Mark»-oppslag. Men det tabloide grepet verka, og det ganske ettertrykkeleg. Medium over store delar av verda rapporterte om Aftenposten sin protest mot biletsensuren. Presset blei så stort at Facebook la om reglane og sende Walker til Oslo for å blidgjere Hansen og kollegane hans.

Det klarte han ikkje. I staden blei han møtt med ei samla utsegn frå presseforbund i 34 europeiske land. Dei krev at Facebook held opp med å fjerne noko som er publisert av eit redaktørstyrt medium. Har ein redaktør først godkjent ein tekst eller eit bilete, skal ikkje Facebook leike overredaktør.

Det høyrest fornuftig ut. Facebook er distributør. Vi vil ikkje at bodet skal klippe ut bilete hen ikkje liker. Men på same tid kjempar norske redaktørar for at Facebook skal vedgå at dei er eit mediehus, ikkje berre eit ganske effektivt bodselskap. Skal dei ha redaktøransvar, eller skal dei ikkje ha det?

Kva om vi gjorde noko så dristig som å sette oss i Facebook sin stad? Alle som sukkar over at heile verda må følgje den amerikanske moralkodeksen, der halshogging er underhaldning og brystvorter er tabu (eg har sjølv vore ein av dei), erkjenner jo samtidig at det ikkje finst ei global norm for kva vi toler av vald, sex og politikk. Heller ikkje dei 34 presseforbunda følgjer same standard. Presseetikken er nasjonal og historisk betinga, sjølv om det finst nokre universelle prinsipp i botn.

Kravet om at Facebook lojalt skal formidle alt ein redaktør har godkjent, ville stått sterkare dersom Internett var organisert i nasjonale område, der kvart land kan handheve sine reglar. Då kunne vi framleis ha eit system der det som er høgst akseptabelt i eitt land eller ein kultur, er haram, usmakelig eller juridisk forbode i ein annan. Ulempa er sjølvsagt at vi då ikkje ville ha nokon World Wide Web.

Korleis vil Aftenposten reagere dersom dei publiserer ein artikkel om kampen mot barneporno og heilt uregulerte algoritmar supplerer han med nettopp barnepornografi? 95 land i verda har ingen lover som forbyr slikt. Ville Aftenposten vore nøgd om dei fekk vite at svineriet var godkjent av ein redaktør?

Journalistikk er – og må vere – eit fritt yrke. Alle kan starte ei nettavis eller ein blogg og titulere seg som redaktør. Som Walker sa i Oslo: «Vi har retningslinjer som er like for alle, det er ikkje nokon VIP-inngangar.» Slik må det vere. Men det må bli lettare å kjenne og kunne påverke retningslinjene.

Facebook kjem uansett til å gjere det som løner seg best. I staden for å inngå avtalar med dei og selje sjølvråderetten med det same, bør norsk presse utvikle alternative nasjonale distribusjonskanalar, og erkjenne at den som vil snakke til heile verda, må rette seg etter den som styrer ordet. Det er dessverre ikkje Espen Egil Hansen.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale