Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Avstemming på nettet stemmer ikkje ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Avstemming på nettet stemmer ikkje

Når ein skal avgjere politiske spørsmål, reknar ein det som ei demokratisk dygd at kvar person har éi røyst. Men det kjenst sjølvsagt mykje betre å ha 480.

Personer på toppen av hver sin søyle i et søylediagram. Illustrasjon

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Vi sat rundt eit bord og diskuterte avrøystinga som nett gjekk føre seg i VG om kven som bør bli årets namn. Eg fortalte at eg hadde forsøkt å finne ut kor lett det var å røyste fleire gonger, og at det i alle fall ikkje var noko problem å røyste ein gong på mac-en, ein gong på iPad-en og ein gong på kvar av dei to telefonane eg brukar. Då smilte ein av dei andre overberande og sa at han nettopp hadde snakka med ei kvinne som skrytte av at ho hadde røysta 480 gonger på Hege Storhaug.

På det tidspunktet nærma Storhaug seg dei 42 000 røystene ho til slutt fekk. Avstanden ned til Mats Zuccarello Aasen på andreplass var formidabel, han enda på litt over 17 000. Slik kan det gå når kven som helst kan nominere, og sperrene i systemet er som å sette opp ei grind midt på vidda, det er berre å gå rundt.

Men det var jo ingen grunn til å hisse seg opp over at ein islamkritikar og ein ishockeyspelar som held til i USA, blei framstilte som dei viktigaste norske personane i 2015. Nettrøysting er nettrøysting. Metodisk er det ikkje særleg annleis enn å stikke hovudet ut av vindauget og spørje første og beste av dei som går forbi, om Noregs Bank bør senke styringsrenta eller om Nato bør bombe Belgia. Svara kan ikkje brukast til noko.

Dette veit også redaksjonen i Nettavisen, men dei lèt stadig som om dei ikkje veit det. Midt i VG-røystinga intervjua dei derfor Hege Storhaug, som uimotsagt fekk hevde at «for meg personlig betyr dette ingenting, men det som betyr alt, er at dette er et sterkt politisk signal».

Alle journalistar som tek jobben alvorleg, ville peika på at det sjølvsagt er omvendt. Som politisk signal tyder dette ingenting, men for Hege Storhaug personleg kjendest det sjølvsagt godt. Men ettersom Nettavisen sjølv rett som det er gjennomfører slike nettrøystingar, og deretter bruker dei som grunnlag når sjefredaktøren kommenterer kva «folket» meiner, kom det ingen kritiske spørsmål.

Den pseudonyme bloggaren Doremus, som med støtte frå Fritt Ord kikkar pressa litt nærare i korta, har fleire gonger freista å forklare Nettavisen kor lite ein kan stole på sjølvselekterte undersøkingar. Når utvalet er skeivt, som det er nøydt til å bli i ei avrøysting om eit kontroversielt tema der alle kan ta del, og til og med røyste fleire gonger, kan ein ikkje bruke resultatet til noko seriøst føremål.

Sidan sjefredaktør Gunnar Stavrum har studert samanliknande politikk ved det utmerkte universitetet i Bergen, veit han dette. Likevel har han lagt inn ei metodisk sjølvmotseiing når Nettavisen sjølv spør lesarane sine, for eksempel om det bør vere folkerøysting om mottak av syriske flyktningar. «Avstemningen i denne saken er uhøytidelig, og er ment for å ta tempen på leserne våre», står det.

Dei to føremåla lèt seg ikkje sameine. Dersom eg tek tempen på ein som står meg nær og ser at han er 40,6 gradar, er det ikkje lett å vere så forbaska uhøgtideleg. Då ringer eg Legevakta. Nettrøysting tek ikkje tempen, korkje på folket eller på lesarane. Resultatet viser berre kva dei som har delteke i akkurat denne nettrøystinga, har meint, og klarer vanlegvis heller ikkje å skilje ut dei som har meint det 480 gonger.

Den endelege kåringa til VG vil bli avgjord av ei metodisk forsvarleg meiningsmåling, utført av TNS Gallup, men med den store svakheita at dei ti finalistane er røysta fram gjennom ein prosess som er grunnleggjande skeiv og vidopen for manipulasjon. Det kan vi sikkert leve med, så lenge vi ikkje trur at resultatet er eit politisk signal om noko som helst.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale