Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Årets Skup-pris går til – Greenpeace? ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Årets Skup-pris går til – Greenpeace?

Sjølvsagt blir det plass til gode gravejournalistar også i åra som kjem. I Greenpeace, for eksempel.

Miljøvernaktivister fra Greenpeace demonstrerer
Miljøvernaktivister fra Greenpeace demonstrerer

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Som oftast er det dei store redaksjonane som vinn Skup-prisen for beste undersøkjande journalistikk. Dagens Næringsliv det eine året, Dagbladet det neste. No kan dei få konkurranse frå uventa hald. Den britiske avdelinga av Greenpeace har oppretta si eiga gravegruppe, bemanna med erfarne journalistar frå blant anna BBC og The New York Times. I staden for bare å vere kjelde for andre, har miljøorganisasjonen bestemt seg for å lage heile pakka sjølv. Avsløringane frå skupjournalistane i Greenpeace skal kunne publiserast kor som helst, også i tradisjonelle medium.

Gravegruppene står utsett til når øksa fell mot dei redaksjonelle budsjetta. Undersøkjande, kritisk journalistikk er tidkrevjande og dyr. Har vi råd til slikt når vi treng stadig fleire artiklar som klør annonsørane på ryggen? Organisasjonar som kjempar for menneskerettar, mot øydelegging av naturen og for politiske reformer, merker at dei har stadig færre samarbeidspartnarar i redaksjonane.

Jim Footner er leiar av gravegruppa i Greenpeace UK. Han seier til forretningsmagasinet Fast Company at dei såg korleis Greenpeace sjølv kunne fylle noko av tomrommet som oppstod når dei gode journalistane blir borte frå dei store mediehusa. Footner seier at journalistgruppa han leiar, vil gjennomføre granskingar med stor nyheitsverdi, og så avgjere om dei skal publisere sjølve eller gje avsløringa til eit tradisjonelt medium. Han trur ikkje dei blir den einaste interesseorganisasjonen som kjem til å operere på denne måten.

Det har han heilt sikkert rett i. Journalistar som forsøker å gå makta etter i saumane i krigs- og konfliktområde, som granskar miljøsyndene til dei multinasjonale selskapa eller forsøker å finne ut korleis iPhone og Nike-sko blir produserte, har lenge vore avhengige av hjelp frå grupper med ein klar politisk agenda. Avisene og TV-selskapa har ikkje råd til å finansiere dei grundige og langvarige undersøkingane som må til for å avsløre det mest avanserte jukset. Dei private organisasjonane, NGO-ane, har det, fordi det er hovudoppgåva deira. Det var ei slik gruppe som først dokumenterte at det lukta ille av Volkswagen sine påstandar om kor reine dieselmotorane deira er.

Gode journalistar har lenge fått mykje hjelp av organisasjonane, både til å finne skriftleg dokumentasjon og sentrale kjelder, og til å komme seg inn i fabrikkar med elendige arbeidstilhøve eller ut i område med ulovleg hogging av regnskog.

For ti år sidan opna Ted Koppel ei utgåve av amerikanske ABCs prestisjeprogram «Nightline» med å seie at reportasjen som følgde var laga saman med den private organisasjonen International Crisis Group (ICG). Koppel sa rett ut at sjølv ikkje ABC hadde råd til å dekkje Afrika så godt som dei burde. Derfor tok dei imot hjelpa frå ICG. Det same har norske journalistar gjort i mange tiår. Kyrkjas Naudhjelp, Redd Barna, Raudekrossen og dei andre NGO-ane har stilt bilete, tilsette og losji til rådigheit for at journalistar skal komme tett nok på dei sakene organisasjonane arbeider for.

Sjølvsagt har perspektivet i artiklane, vinklinga, blitt påverka av dette samarbeidet. Derfor er det ikkje så kontroversielt at Greenpeace eller andre tek på seg heile jobben. Då veit vi betre kven avsendaren er. Krava til fakta og dokumentasjon vil uansett vere dei same.

Glenn Greenwald var heilt sentral i dette tiårets kanskje største skup, Edward Snowden si avsløring av korleis amerikanske styresmakter overvakar heile verda. Då han sa opp kontrakten med The Guardian for to år sidan, sa Greenwald at han ville bort frå den type såkalla objektiv og nøytral journalistikk der reporteren nøyer seg med å skrive: «Her er det begge partar seier om denne saka, og eg har ikkje tenkt å løyse konflikten.»

Gravejournalistane til Greenpeace og dei andre som måtte følgje i fotefara deira, vil garantert foreslå løysingar, på same måten som dei no bidreg til å løyse eitt av problema som oppstår når avisene ikkje lenger har råd til å være like undersøkjande og kritiske.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale