Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Anonym slappheit i PresselosjenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Anonym slappheit i Presselosjen

Norske politikarar er sanneleg ikkje redde for å seie kva dei meiner, berre dei slepp å stå for meiningane sine.

KrF-leder Knut Arild Hareide omgitt av pressefolk. Fotografi.
KrF-leiar Knut Arild Hareide omgitt av pressefolk. Partileiarar og andre sentrale politikarar opplever frå tid til anna åtak i media frå eigne partifellar, eller politiske motstandarar, kamuflert som «anonyme kjelderr».

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Neste år er det ti år sidan Erna Solberg blei forsøkt driven heim til Bergen av ein skokk anonyme renkesmedar. Hadde dei lukkast, og ingen skal påstå at ikkje pressa gav dei god hjelp, ville historia sett annleis ut, både for Høgre og for landet vårt.

Åtaket kom like etter nyttår i 2006. «Det ulmer under Erna», skreiv Dagbladet. Ikkje tok ho initiativ, ikkje kunne ho kommunisere, og dessutan gjentok ho alle feila til den tidlegare Høgre-leiaren, Jan Petersen.

Informasjonen avisa hadde om den store frustrasjonen innåt i partiet, kom frå «ei kjelde» som sa at partileiinga mangla initiativ, «ei sentral kjelde» som hevda at partiet ikkje hadde fornya seg på 20 år, og «ei velinformert kjelde» som meinte at ingen kunne vinne val ved å gjenta feila til Jan Petersen. Av desse formuleringane kunne ein lett komme til å trekkje den konklusjonen at den sentrale kjelda ikkje var velinformert, at den velinformerte kjelda ikkje var sentral, og at stakkaren som berre var «ei kjelde», verken var sentral eller velinformert.

Fire år seinare braut det ut eit tilsvarande anonymt opprør i Kristeleg Folkeparti. Aftenposten skreiv at «ei rekkje sentrale personar i KrF meiner KrF-leiar Dagfinn Høybråten er autoritær og kontrollerande. Fleire meiner han bør trekkje seg som partileiar.” Avisa hevda at ho hadde snakka med ”16 sentrale KrF-politikarar», men namngav ingen av dei. I ly av nattemørkret og løfte om å få sjikanere leiaren sin kostnadsfritt, fekk dei anonyme kjeldene seie at Høybråten «høvla ned» folk, ikkje gav andre rom, inntok ei martyrrolle når han blei kritisert, og lét det «voldsomme temperamentet» sitt gå ut over partikollegaer mens mange høyrde på. Same haust trekte Høybråten seg.

Uskikken med å la anonyme kjelder karakterisere andre finn ein overalt i journalistikken, men han er mest utbreidt i dei politiske reportasjane og kommentarane. Politiske journalistar vassar omkring i matfatet og treng ikkje anstrenge seg særleg for å fylle produksjonskvota den dagen. Som regel er det nokre som gjerne vil ha plassert noko i pressa, ofte utan å risikere noko sjølv.

Mykje av den politiske journalistikken er samanhengande brot på Ver Varsam-plakaten, der det står at «kjelda for informasjon skal som hovudregel identifiserast, med mindre det kjem i konflikt med kjeldevernet eller omsyn til tredjeperson».

Måndag 17. august hadde bølgjene enno ikkje lagt seg etter at finansminister Siv Jensen hadde oppfordra kommunane til å boikotte stortingsvedtaket om Syria-flyktningar. I Aftenposten, som har anonym kjeldebruk som standardverktøy, støtta «ei Høyre-kjelde» Siv Jensen sin rett til å «seie kva partiet meiner i valkampen», mens «andre i Høgre» reagerte «langt sterkare og med hovudristing». Men uansett kor hardt dei rista på hovuda, klarte dei ikkje å mobilisere tilstrekkjeleg med mot til å framføre kritikken ope.

Denne gongen spelte det ikkje så stor rolle, «Høgre-kjeldene» hadde ikkje meir å bidra med enn kven Facebook-debattant som helst. Men fordi bruken av anonyme karakteristikkar er så utbreidd og akseptert i Stortingets presselosje – i vedvarande og open strid med reglane for god presseskikk – veit alle politikarar som planlegg eit bakhaldsåtak at dei vil få god hjelp av journalistane til å løfte kniven.

Ei undersøking som Syddansk Universitet gjorde i 2003, viste at bruken av anonyme kjelder i dansk presse hadde auka med 60 prosent i løpet av 10 år. Det finst ikkje noka tilsvarande norsk undersøking, men det er berre å telje alle dei namnlause i valreportasjane dei neste vekene for å få stadfesta den danske forskaren, Charlotte Wien, sin konklusjon: «Den største veksten i bruken av anonyme kjelder er der anonymiteten utelukkande blir brukt fordi journalistane er slappe.»

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale