Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Leggjetid for Kringkastingsrådet ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Leggjetid for Kringkastingsrådet

Kringkastingsrådet skal uttale seg om hovudlinene i verksemda til NRK. Som for eksempel om ein bør sende Drømmehagen før toåringane har lagt seg.

Møte i Kringkastingsrådet. Fotografi.
NRK-dekninga av konflikten mellom Israel og palestinarane blei drøfta på Kringkastingsrådets møte hausten 2014. F.h.: journalist i NRK, Sissel Wold, Knut Magnus Berge og leiar for rådet Per Edgar Kokkvold.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Rådet rustar seg til eit spesielt møte 23. april. I saksbunka ligg over 3000 klager på at Fredrik Skavlan øydela fredagskosen ved å stille kritiske spørsmål til leiaren for eit parti med fascistiske og nazistiske røter. Presset frå sjåarane har truleg ikkje vore hardare sidan 2010, då nesten 25 000 slutta seg til ein Facebook-aksjon for å få Makka Pakka og dei andre innbyggjarane i Drømmehagen tilbake til vanleg sendetid. Kringkastingsrådet slutta seg til protestane den gongen – til lita nytte. NRK Super stod imot presset, og lèt Fantorangen behalde den attraktive plassen like før dagens siste bleieskift og puss av ørsmå tenner.

I august i fjor handsama rådet meir enn 600 klager mot Sidsel Wold sine reportasjar frå den siste Gazakrigen. VG summerte opp diskusjonen slik: «Klagebehandlingen liknet etter hvert mer på en hyllest til Wold og resten av NRKs dekning.» Det er slett ikkje sikkert at det hjelper å skrive eit sint brev til Kringkastingsrådet, og det bør vi vere glade for. Noko anna ville gjort rådet til eit endå større problem enn det allereie er.

Noreg er truleg det einaste landet i verda som ikkje har noko offentleg oppnemnt organ som regulerer innhaldet i media. Internasjonalt blir vår konsekvente sjølvdømeordning omtalt som «Den norske modellen». Kringkastingsrådet skiplar denne modellen fordi det gjennom år har utvikla seg til å bli eit politisk samansett klageorgan, medan det ifølgje kringkastingslova berre skal uttale seg i saker der kringkastingssjefen ber om råd, eller i saker som rådet sjølv tek opp. Uansett er det hovudlinene i programverksemda rådet skal diskutere, ikkje intervjuforma i eit enkelt, innkjøpt program, eller sendetida for britiske tøydokker.

Då TV 2 fekk konsesjon til å drive den første norske nasjonale, kommersielle TV-kanalen, blei dei pålagde å opprette eit liknande programråd. Eg sat der frå starten av, og var hjarteleg samd då rådet blei lagt ned. Eg sat også i Klagenemnda for kringkasting, og var like fornøgd då kulturminister Åse Kleveland i 1999 la ned også det klageorganet, under føresetnad at alle kringkastarar slutta seg til Pressas Faglege Utval og respekterer kjenningane derfrå.

Kjenner kringkastingssjefar eller andre redaktørar at dei treng råd utover dette, bør dei sjølve nemne opp rådgjevarane sine, organisere verksemda og bestemme kva tyngde råda skal ha.

Per Edgar Kokkvold leiar det noverande Kringkastingsrådet. Han er tidlegare generalsekretær i Norsk Presseforbund, og få veit meir enn han om korleis ein driv etikkrøkt i media. Han er også ein mann som kjenner igjen eit viktig prinsipp når han ser det. Sjølv om den uttalte ambisjonen hans er å vitalisere Kringkastingsrådet, bør han vurdere om han ikkje heller bør forsøkje å ta livet av det. Når det har breitt seg ei oppfatning hos publikum om at misnøye med eit eller anna i NRK sine program kan utløyse ein politisk debatt i eit offentlig oppnemnt organ som kringkastingssjefen må lytte til, er det på tide å be om aktiv dødshjelp.

NRK er også ein del av PFU-systemet. Dei som har klaga Skavlan-programmet inn dit, får klagene handsama av eit kyndig sekretariat der førebuingane følgjer det kontradiktoriske prinsipp der både klagar og den som blir klaga på, blir høyrt, før det det blir skrive eit forslag til vedtak. Saka blir så drøfta av eit utval som ikkje er oppnemnt av dei journalistikken først og fremst skal overvake. Kjem utvalet fram til at NRK har brote god presseskikk, kan ikkje kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen ignorere vedtaket, slik han kan med alt Kringkastingsrådet måtte meine.

Kringkastingsrådet er ein politisk drøymehage. Det er på høg tid at nokon seier klårt frå om at det er leggetid.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale