Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Ikkje heilt fakta om krigenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Ikkje heilt fakta om krigen

Røvarhistorier om andre verdskrigen er framleis lov. Nesten korrekte forteljingar går også fint. Bråket kjem først når nokon freistar å seie noko verkeleg sant om krigen.

Journalist, kommentator og forfatter Marte Michelet har fått strålende kritikker og er nominert til Brageprisen for boken Den største forbrytelsen. Her fotografert ved den jødiske gravlunden ved Sofienbergparken.
Journalist, kommentator og forfattar Marte Michelet har fått strålande kritikkar og er nominert til Brageprisen for boka [i]Den største forbrytelsen[/i]. Her fotografert ved den jødiske gravlunden ved Sofienbergparken.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Marte Michelet si skildring av det norske bidraget til jødeutryddinga gjorde Den største forbrytelsen til fjorårets beste sakprosabok. Det meinte eg, det meinte fleire andre kritikarar, og det meinte juryen for Brageprisen. Men den faglege leiaren for Jødisk Museum i Oslo, historikaren Mats Tangestuen, var ikkje samd. Saman med den ansvarlege for museumsutstillingane, Torill Torp-Holte, skreiv han i Aftenposten at boka berre «foregir å fremstille det som hendte». Michelet burde nyansert forteljinga si ved å ta med «de mange hundre, stort sett i dag ukjente navn» som hjelpte jødar å rømme. «Historisk nødvendige» distinksjonar er blitt borte, meinte dei to.

Krigshistorikarane har derimot late Michelet sin far, Jon, sleppe unna, sjølv om han diktar i veg om faktiske hendingar. I etterordet til første bind av den ekstremt populære romanserien om krigsseglarane, skriv Michelet den eldre at han freidig plasserer verkelege personar i fiktive hendingar. Han lèt historiske skip passere fantasi-skip i konvoiane, og lèt torpedoane treffe begge to. Jon Michelet får velfortent ros for å popularisere nasjonen sitt svik mot krigsseglarane. Marte Michelet får ufortent kritikk for å popularisere det norske storsamfunnet sitt svik mot jødane. Vi har god bruk for begge delar.

Det tok berre eit døgn før historikarane vakna etter at NRK sende dei to første episodane av Kampen om tungtvannet, eit herleg ambisiøst forsøk på å gi ein ny generasjon del i det største norske helteeposet frå okkupasjonstida. Avrettingane av dei britiske soldatane gjekk ikkje føre seg ute i snøen, det var ikkje nokon kvinneleg kaptein i den britiske aksjonsleiinga, tyskarane hadde ikkje noko atombombeprogram. Kva er dette for slags historieforfalsking?

Men serien er meir i slekt med Jon Michelet sin krigsfiksjon enn med Marte Michelet sine krigsfakta. Noko er sant, mykje er dikta. «Det er viktig å hugse at vi ikkje lagar ein dokumentar», sa Espen Kloumann Høiner på pressekonferansen då serien blei presentert. Han spelar forskaren og reserveoffiseren Leif Tronstad, som rømte frå NTH i Trondheim til England, der han planla åtaket på tungtvassfabrikken på Rjukan. «Vi kjem til å dikte litt», sa regissøren Per-Olav Sørensen. Mellom anna har han laga ein fiktiv, tyskvenleg, direktør i Norsk Hydro av tre–fire verkelege. Den arrogante, autoritære kollaboratøren Bjørn Henriksen er ikkje meir historisk enn Halvor Skramstad, skogsmatrosen til Jon Michelet.

VG-kritikaren Jon Selås varsla at «noen historikere vil rase», men sjølv meiner han det er heilt naudsynt å dikte både personar, kjensler, tårer og forbanning «mellom skjeletta av historiske hendingar». I Bergens Tidende er Britt Sørensen like tolerant. Sjølv om historikarar kanskje vil «kunne sette fingeren på antatt kunstneriske tilpasninger», gir serien etter hennar meining eit «uhyre godt innblikk» i spelet bak sabotasjeaksjonen. Velkommen til ein tradisjonell infotainment-diskusjon.

Puritanarane, mange av dei med mastergrad i historie, vil hevde at publikum får eit feil bilete av det som skjedde. Den felles historia vår blir forstyrra av oppdikta personar og tenkte dialogar. Liberalarane, mange av dei med ein eller annan pant i prosjektet, eller med minst ein fot i populærkulturen, vil hevde at det er naudsynt å blande fakta og fiksjon for å gjere historia levande. Det store biletet er viktigare enn detaljane.

Paradoksalt nok blir problemet størst når fiksjonen er minst. Historiske feil i sakprosa har ei helt anna tyngd enn dei same feila i ein roman. Sjå derfor Kampen om tungtvannet slik du bør sjå BBC sin fantastiske Rome: Det var omtrent slik det såg ut, det kan ha vore nokolunde slik det skjedde, men det du hugsar etterpå, er som oftast ikkje korrekt.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale