Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Døra i fjeset-teknikkenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Døra i fjeset-teknikken

«Sjokkmåling», ropte Dagbladet. «Folket seier ja til billig-OL.» Endeleg fekk ja-sida det dei har lengta etter og drøymt om; ei måling som viste fleirtal for å brenne av nokre titals milliardar på 14 dagar med glepptak, norsk nasjonalisme og kortbaneløp på skeiser.

F.v. Byrådsleder og leder i søkerkomiteen, Stian Berger Røsland og president i Norges idrettsforbund, Børre Rognlien under pressekonferansen etter møtet om mulighetsrom for kostnadsreduksjoner i OL-søknaden.
F.v. Byrådsleiar og leiar i søkarkomiteen, Stian Berger Røsland og president i Norges idrettsforbund, Børre Rognlien under pressekonferansen etter møtet om moglegheita for kostnadsreduksjonar i OL-søknaden.

Grepet for å få snudd folket var så enkelt at det er oppsiktsvekkjande at ingen tabloidredaksjon har komme på det tidlegare. Først spurde Ipsos MMI, på vegner av Dagbladet, om folk vil ha OL i Oslo. Svaret var som det bruker å vere: Nesten to tredjedelar sa nei, færre enn tre av ti sa ja.

Men så kom det snedige: Dei som hadde sagt nei, blei spurde om dei ville støtte ein OL-søknad dersom kostnadene blei reduserte ved gjenbruk av fleire anlegg frå Lillehammer-OL. Då snudde kvar tredje nei-røyst, og eit knapt ja-fleirtal var sikra.

Metoden har eit vitskapleg namn, og det er herleg folkeleg: «Door-in-the-face»-teknikken, eller DITF. Sosialpsykologane har leika seg med akkurat denne metoden for å manipulere meiningane i ei gruppe: Føreslå noko radikalt, noko som vanlegvis ville fått kunden til å smelle døra igjen for seljaren. Følg så opp med noko som verkar som eit langt meir rimeleg forslag. Den gruppa som først har fått det mest ytterleggåande forslaget, er langt meir tilbøyeleg til å seie ja til det rimelege alternativet enn ei tilsvarande gruppe som berre har fått det rimelege forslaget.

Det er så vanleg at media grovt misbruker meiningsmålingar at Ottar Hellevik, som har utdanna eit par generasjonar norske statsvitarar i statistikk, har skrive ei heil bok om kor gale det kan gå. I eit nytt opplag bør han ta med Dagbladet si sjokk-måling, og for eksempel peike på at dei som svarte ja på det første spørsmålet, ikkje blei stilt det andre. Vi veit altså ikkje kor mange som ville gått frå ja til nei dersom Oslo likevel ikkje får alle dei anlegga som byen er blitt lova dersom OL-elden vender attende til byen. Og vi veit ikkje kor mange som ville sagt nei til å bruke 21 milliardar dersom dei ikkje først var spurde om å bruke 30 milliardar.

Hellevik opnar boka, som heiter Mål og mening – om feiltolkning av meningsmålinger, ved å vise til ein kommentar eg skeiv for sju år sidan. Han handla om eit svært vanleg fenomen, nemleg at grupper som ønskjer å påverke politikken, bestiller meiningsmålingar som styrkjer argumenta deira.

Det var Amnesty, godheita sjølv, som hadde bede Gallup undersøkje kva norske menn meiner om vald mot kvinner. Resultatet fekk politikarane til å storme til næraste debattstudio for å gi uttrykk for at dei var opprørte. Dei var blitt lurte av VG, som hadde brukt heile førstesida på å forkynne at «1 av 2 norske menn: Gir kvinner skylden for VOLDTEKT». Påstanden var ikkje korrekt. Han var ikkje eingong i nærleiken av å vere korrekt. Dei 500 mennene som var intervjua, blei ikkje bedne om å fordele skuld. Ordet «valdtekt» var heller ikkje brukt i nokre av spørsmåla. 75 prosent av dei spurde svarte at vald mot kvinner aldri kan rettferdiggjerast, enda 21 prosent sa at ein berre kan forsvare vald mot kvinner når kvinna sjølv bruker vald. Norske menn har gode haldningar.

16 til 42 prosent svarte derimot at kvinna er «delvis ansvarleg» (ikkje skuldig) for å ha blitt utsett for seksuelle overgrep (ikkje valdtekt) dersom ho openbert flørtar, blir med mannen frivillig på nachspiel, er rusa, eller ikkje tydelig seier nei. I ei anna undersøking sa halvparten av kvinnene mellom 18 og 29 år det same.

VG sitt oppslag førte til ein hektisk debatt der den eine politikaren etter den andre beklaga at norske menn tolererte valdtekt. Dette var like svakt fundert som ein debatt som byggjer på at folket gjerne vil ha eit Rimi-OL. Som ein spør i skogen, får ein svar.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale