Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Journalisten som ikkje ville ha eit egChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Journalisten som ikkje ville ha eit eg

Mot slutten av intervjuet med Mads Gilbert i programmet «Deadline» på dansk tv, seier programleiar Martin Krasnik: «Det er derfor jeg konfronterer deg med din dobbeltmoral.»

Mads Gilbert behandler et skadd barn på Shifa-sykehuset i Gaza i juli 2014.
Mads Gilbert behandlar eit skadt barn på Shifa-sjukehuset i Gaza i juli 2014.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Kven er dette «eg» som slår fast at den norske legen som i fleire veker hadde arbeidd nær sagt døgnet rundt med å redde liv, ofte utan å lukkast, er ein dobbeltmoralist?

Det mest nærliggjande er sjølvsagt å tenkje at det er Martin Krasnik sjølv, sidan det er han som snakkar. Men i eit innlegg i Aftenposten der han forsvarer den krasse forma intervjuet fekk, skriv Krasnik: «La meg for ordens skyld presisere at mine egne holdninger ikke har noen innflytelse på de spørsmål jeg stilte Gilbert.»

Så var det altså ikkje Krasnik likevel. Han er ikkje det «eg» som hevdar at Gilbert har doble moralske standardar.

Når han tidlegare i intervjuet påstår at Gilbert «er blitt utnyttet av en terrororganisasjon», er heller ikkje denne skuldinga tufta på haldningar intervjuaren sjølv har. «Det er ikke opp til meg å ta stilling til hva som er rett eller galt», skriv han. Men det er jo ikkje sjølvinnlysande at Gilbert er ein nyttig idiot for Hamas, ei slik skulding føreset eit bestemt perspektiv på konflikten mellom Israel og palestinarane. Det ligg altså ei haldning bak orda Krasnik brukar, og desse haldningane blir langt tydelegere av at han påstår, og ikkje spør. Den som spør, undrar seg. Den som påstår, veit. Eit spørsmål krev eit svar, ei skulding utløyser eit forsvar.

Martin Krasnik har ry for å vere ein spesielt kritisk journalist. Fleire danske aviser har, etter intervjuet med Gilbert, skrive leiarar om metoden hans – som ifølgje han sjølv består i at han alltid tek på seg posisjonen motsett av den han utfordrar. Hamnar det ein lege som kjempar mot Ebola-smitte i studio, vil altså Krasnik snakke epidemien si sak. Sjølv den største tåpe forstår at ein ikkje kan bruke ein slik metode utan sterke atterhald. Mot slutten av innlegget i Aftenposten innrømmer jo også Krasnik at det er slik det er. Han skriv: «Når jeg går hardt ut mot Mads Gilbert i Deadline, er det nettopp fordi jeg mener at unyanserte påstander og holdninger overfor den ene part i saken bidrar til en fastlåst konflikt.» Den eine parten kan i dette tilfellet ikkje vere nokon annan enn Israel.

Krasnik konfronterer Gilbert som han gjer, fordi han sjølv meiner noko om dei politiske haldningane Gilbert har; han meiner at dei er unyanserte. Det er ikkje noko gale i det, problemet oppstår når Krasnik nektar for at det er slik, og i staden hevdar han at han er ein slags robot som konfronterer i eit haldningstomt rom.

Sidsel Wold i NRK og Fredrik Græsvik i TV 2 har større innsikt i korleis journalistikken fungerer. Dei innser at det ikkje er råd å suspendere eigne haldningar når dei skal velje ord, kjelder eller bilete frå ein krig. Bak alt dei gjer, frå å bestemme kameravinkel til å velje kva for omgrep dei skal bruke, er det eit «eg» med tankar og kjensler. Profesjonaliteten viser seg i viljen til å gje alle sider i ein konflikt fair behandling, ikkje i å late som om partane er jambyrdige dersom dei ikkje er det.

Denne gongen valte dei begge å gå tett på dei mange drepne barna. På grunn av dette valet blei dei utsette for ein propagandastorm. Aksjonistar kravde at Sidsel Wold blei fjerna, Fredrik Græsvik opplevde dei signala han fekk frå si eiga leiing, som at han faktisk blei fjerna. Begge sto oppreist gjennom stormen og heldt fast på det openberre: Det finst ingen uengasjert måte å dekkje ein slik krig på. Journalistane må sortere ut kva for fakta dei skal formidle, dei må velje blant mange sanningar. Det valet gjorde også Krasnik då han forsøkte å diskreditere Mads Gilbert.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale