Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. To kill a licenceChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

To kill a licence

Partiet for folk flest samlar seg til kamp for å fjerne kringkastingslisensen. Men dei gløymde å spørje troppane; folk flest har aldri vore så nøgde med NRK som no.

kollage som viser NRK-bygget og James Bond i filmen Licence to kill
Agent 007 opererte med "a licence to kill", mendan ønsket til Frp, etter Sven Egil Omdal si oppfatning, er "to kill a licence".

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

"Lisensen må bort. Dette er en viktig sak for folk flest", sa Leif Eriksen, fylkesleiar i Østfold Frp til Dagbladet i slutten av mars. Alle dei 13 fylkesleiarane avisa snakka med, var samde. Lisensen er urettferdig og usosial, dessutan finansierer han venstrevridd journalistikk. NRK bør gjerast om til eit aksjeselskap og finansierast kommersielt.

Dessverre hadde folket ei anna oppfatning av saka. Omtrent på same tid som fylkesleiarane fortalte Dagbladet kor utbreidd motstanden mot lisensen er, la kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen fram NRK si nye profilundersøking. Der seier tre av fire nordmenn at dei får valuta for lisenskronene. 74 prosent var nøgde, opp frå 69 prosent i fjor, og det høgste talet som nokon gong er målt. Ifølgje Eriksen er 74 prosent nøgde betalande kanskje det høgste talet for nokon kringkastar i verda.

Ein skulle kanskje tru at ei ny regjering, som skal rette opp eit skakkøyrt land og reparere dei verste skadane etter åtte års vanstyre, ville finne meir naturlege oppussingsobjekt enn ein institusjon som er verdsleiande i popularitet. Men også kulturminister Thorhild Widvey frå Høgre har blinka ut NRK.

Medan Frp vil kutte alle band til staten, og i staden la NRK konkurrere om annonsekronene, noko som ganske raskt ville feie TV 2 og TVNorge av banen, går Widvey den motsette vegen. Ho set seg sjølv inn som overredaktør. Widvey hadde knapt prøvesete statsrådsstolen før ho slo fast at ho vil sjå på om yr.no var noko NRK bør drive med.

Ho fekk eit raskt og kontant svar frå direktør Anton Eliassen ved Meteorologisk institutt. Det er ikkje ofte leiaren for eit statleg forvaltingsorgan offentleg tek ein statsråd i skule i elementært samfunnsansvar, men Eliassen kunne truleg ikkje la vere. Meteorologisk institutt har samarbeidd med NRK sidan 1933, først på radio, så på tv, deretter på nett og mobil. Vêrmeldinga og NRK flyttar seg dit borgarane er.

"Å kommersialisere fellesgoder vil føre til et stort offentlig underforbruk, hvor staten og samfunnet vil få mindre nytte av de investerte kronene, enn om varslene var gratis tilgjengelig for alle", skreiv han.

Dette synspunktet, at vi brukar NRK til å gi tilbake til borgarane, også kjent som "folk flest", verdiar som er offentleg finansierte, må ropast frå hustaka når kulturminister Widvey neste vår legg fram ei stortingsmelding om NRK. Der skal ho ikkje berre drøfte korleis ein skal finansiere kringkastinga, men også kva dei skal få lov til å drive med.

Tilsynelatande urørt av kritikken frå Eliassen gjentek Widvey at ho vil vurdere om NRK skal drive portalar som yr.no. I tillegg vil ho vurdere om NRK skal få levere nyheiter på nett, og – som om ikkje dette var meir enn nok – ho vil hindre NRK i å by på rettane til store arrangement som OL, fotball-VM og andre store meisterskap.

Frp sin kulturpolitiske talsmann, Ib Thomsen, har tidlegare sagt at NRK heller ikkje skal konkurrere med kommersielle kanalar om å sende amerikanske seriar. Det kan bli triste tv-kveldar når regjeringa har overteke heile programplanlegginga.

I løpet av nokre år må finansieringa av NRK uansett endrast, men grunngjevinga for det er ein heilt annan enn det dei to regjeringspartia kjem med. 2013 var det første året der nordmenn leste meir nettaviser enn papiraviser. Vi ser også stadig meir strømme-tv via mobile einingar eller smarte tv-boksar frå Apple, Samsung og andre. Stadig fleire, spesielt unge, fjernar tv-tunerane frå flatskjermen. Slik unngår dei lisenskravet. Sverige har innført lisens også for iPad og smart-telefonar, men det finst andre løysingar som kan sikre at vi framleis har ein kringkastar som tek på seg det breie samfunnsoppdraget som ingen kommersiell aktør vil eller kan utføre.

Ein verkeleg kulturminister ville leite etter tiltak som sikrar ein sterkast mogleg kringkastar for folk flest, ikkje leie fylkinga som vil rive ned noko av det beste vi har.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale