Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Feige journalistar – og Glenn GreenwaldChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Feige journalistar – og Glenn Greenwald

Når årets journalist skal kårast, går prisen truleg til ein advokat som lever saman med kjærasten og ti hundar i åssida over Rio de Janeiro, der han skriv artiklar som får dei mektigaste i verda til å gå i strupen på kvarandre.

Glen Greenwald deltar i en debatt sammen med Jeremy Scahill  under Rio internasjonale filmfestival høsten 2013.
Glenn Greenwald deltek i ein debatt saman med Jeremy Scahill under Rio internasjonale filmfestival hausten 2013.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

Da Edward Snowden leitte etter ein journalist som var modig nok til å publisere informasjonen han hadde teke med seg frå NSA, det største spionreiret i USA, valde han Glenn Greenwald.

Snowden var ikkje den einaste som hadde følgt bloggen til Greenwald. I fleire år hadde den velskrivande advokaten vore ei viktig kjelde for mange av oss som følgjer nedbygginga av den amerikanske rettsstaten etter terroren 11. september 2001. Den britiske kvalitetsavisa The Guardian såg at Greenwald kunne bidra til at nettutgåva deira fekk endå større innverknad på den liberale delen av den amerikanske offentlegheita. Derfor hyra dei han som fast spaltist.

Greenwald bur i Brasil fordi han opplever at homofile har større rettar der enn i USA. Han kjem ikkje til å vende heim med det første. Ingen av advokatane han har snakka med, tør garantere at han ikkje blir behandla som spion, slik Snowden blir. Det er utrygge tider for avslørande journalistar i USA under president Obama.

Greenwald sin skepsis til kor fri journalistikken er, blei ikkje svekt då kjærasten hans, David Miranda, i august blei halden tilbake på Heathrow og avhøyrd i åtte timar av britisk politi. Miranda frakta materiale mellom kjelda Edward Snowden i Moskva og journalisten Glenn Greenwald i Rio de Janeiro. Britiske styresmakter har vist til terrorlovene som grunnen til at dei la beslag på materialet, og dei tek ikkje omsyn til alle dei som viser til at pressa har rett til å verne kjeldematerialet sitt.

For nokre veker sidan sa Greenwald opp kontrakten med The Guardian. Ikkje fordi han var blitt skremt, men fordi han har fått ein unik sjanse til å skape eit alternativ til det han sjølv kallar ”konsernjournalistikk”. Han vil bort frå den forma for såkalla objektiv og nøytral journalistikk, som han kallar ”feig”, der reporteren nøyer seg med å skrive: ”Her er det begge partar seier om denne saka, og eg har ikkje tenkt å løyse konflikten.”

Pierre M. Omidyar blei fødd i Paris av iranske foreldre, og blei milliardær i USA då han skreiv koden til eBay, eit selskap der han framleis er styreformann. Omidyar bruker store delar av formuen på å styrke medium som vil noko. Då The Washington Post nyleg blei lagt fram for sal, fekk Omidyar tilbod om å kjøpe. Han sa nei, og det blei i staden grunnleggaren av Amazon, Jeff Bezos, som overtok avisa, for 250 millionar dollar. Omidyar vil heller bruke like mykje pengar, rundt 1,5 milliardar norske kroner, på å skape ein heilt ny, digital publikasjon der journalistane ikkje skal vere bundne av kommersielle interesser og ikkje vere underlagde styring frå store konsern.

Planen er å bygge ein maktkritisk, brei nettpublikasjon med kultur og sport i tillegg til politikk, alt laga av eit nettverk av uavhengige journalistar. Og han inviterte Glenn Greenwald til å vere ein sentral partnar i oppbygginga.

Greenwald seier sjølv at han berre er halvvegs i arbeidet med å lage journalistikk av lekkasjane til Edward Snowden. Likevel har han allereie skapt meir trøbbel for regjeringa i Washington enn nokon annan journalist sidan Watergateavsløringane tvang president Richard Nioxon til å gå av.

Greenwald hevdar at fordi vi alle ser verda gjennom subjektive prisme, er det meiningslaust å snakke om ein objektiv journalistikk. Slik snakkar dei ikkje i Washington Post. Når både den gamle avisa og den nye nettstaden har 250 millionar tech-dollar til disposisjon, blir det ein kamp om kven som skal definere journalistikken for morgondagen. Den kampen bør fleire enn NSA følgje nøye med på.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale