Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Mediekritikk og medieforsking

Ifølgje Ver Varsam-plakaten har media ei rolle som vaktbikkja som skal hindre overgrep frå makthavarane i samfunnet. Men nokon må også vakte vaktbikkjene! Mediekritikk handlar om å kunne vurdere, gjennomskode og stille kritiske spørsmål til media.

Samfunnets vaktbikkje. Illustrasjon.

NDLAs faste mediekommentator, Sven Egil Omdal, er ein av Noregs fremste mediekritikarar. Han har lang fartstid både som journalist, redaktør, leiar for Pressas faglege utval, og som fast kommentator i fleire store aviser. I mediekommentarane sine rettar han kritisk søkjelys både på media si eiga verksemd, men også på dei som bruker media medvite til å fremje eigne saker.

Mediekritikk handlar også om at du som mottakar er i stand til å vurdere kvaliteten på ulike medieprodukt, analysere opne og skjulte bodskap, og forstå korleis ulike grupper i samfunnet bruker media til å påverke deg.

Medie- og informasjonskunnskap er eit studieførebuande programfag. I løpet av skuletida er det derfor bra å øve på å fordjupe seg i eit mediefagleg emne, for eksempel gjennom elevforsking. Det får du bruk for når du ein dag blir student. Du bør vite korleis ein forskar går fram for å framskaffe, systematisere og analysere data. Og til slutt må du kunne gjere greie for det du har funne ut i form av ein riktig utforma prosjektrapport eller ei fordjupningsoppgåve.

Emner

Mediekritikk og medieforsking

  • Mediekritikk

    Mediekommentarar av Sven Egil Omdal.

  • Kvalitetskriterium og vurdering

    Når vi skriv ei melding om eit medieprodukt, bruker vi både objektive og subjektive kjenneteikn på kvalitet.

  • Medieforsking

    Om ulike måtar å studere mediekommunikasjon på.