Mange fattige i utviklingsland har ikkje tilgang til media, og innhaldet er ofte retta mot eliten. Sosiale mediium gir fleire høve til å ytre seg, men kan også bli brukt til overvaking og kontroll.

Utviklingsland
Utviklingsland er ei sekkenemning for ei rekkje svært forskjellige land, men det er likevel mogleg å finne ein del fellestrekk ved mediesystema i desse landa. Ein stor del av det vi kallar utviklingsland, er tidlegare koloniland som har teke over dei til dels svært kontrollerande medielovene til den tidlegare kolonimakta.
Land med svake statsstrukturar har ein tendens til å mistenkjeleggjere medienærveret og å oppfatte frie medium som eit trugsmål. Som eit resultat prøver statsmakta på forskjellig vis å kontrollere media sitt uttrykk og oppmodar ofte til respekt, nasjonsbygging og patriotisme. Media blir sedde som ein reiskap for å hylle dei leiande politikarane med "solskinnsjournalistikk" der ein hyller det positive ved politikarane og prosjekta deira, mens usemje eller kritikk ofte er fråverande. Dette gir lite spelerom for ytringsfridom og uavhengige, kritiske medium som kan fylle ei demokratisk samfunnsrolle.
Utviklingsland er ofte samansette land med mange språk, kulturar og etniske grupper. Dette kan gjere det utfordrande å skape ein mediestruktur som tek vare på dei felles behova for informasjon informasjon og å bli lagd merke til.
Ikkje alle har tilgang til media
Medietilgang er ofte ei utfordring i utviklingsland. Fattigdom fører til at mange ikkje har straum, TV eller datamaskinar. Vi kan snakke om ei informasjonskløft mellom rike og fattige land, men også veldig ofte innanfor eit land. Ein liten elite har medietilgang, mens det store fleirtalet ikkje har det. Aviser er ofte dyre, og i mange utviklingsland er graden av analfabetisme høg.
Tilgang handlar også om tilgang til medieinnhald som er tilpassa den målgruppa ein høyrer til. I mange utviklingsland har allmennkringkastarar ein svak posisjon, og marknaden er dominert av medieeigarar som er mest opptekne av å tekkjast dei rike dei kan tene reklamepengar på. Dermed blir interessene til dei mindre velståande oversedde. Dei siste åra har ein i stadig større grad fått auga opp for at det ikkje berre er tilgang til informasjon, men også for at retten til å bli representert gjennom media, og på den måten høyrt, er viktig.

Ny teknologi
Ny teknologi som Internett og mobiltelefoni har revolusjonert kommunikasjons- og mediestrukturen i mange land. Den arabiske våren i Nord-Afrika og Midtausten viste korleis Internett har gjort informasjonstilgang mogleg og skapt utsikter for ytringsfridom. Opprøret blei også kalla ein sosial medierevolusjon – men det er viktig å hugse at det fann stad i samspel med tradisjonelle medium og folkerørsler.
Nye medium kan verke frigjerande, man kan også bli nytta til å undertrykkje. Autoritære regime sensurerer mange digitale nettverk og kritiske nettstader, og dei kan òg nytte digitale spor til kontroll og overvaking.
Læringsressursar
Ut i verda
Fagstoff
Mediesystem
KjernestoffPå veg mot ein global landsby?
KjernestoffInternasjonal medieøkonomi
KjernestoffEigarskap og marknad
KjernestoffMediepolitikk i EU
KjernestoffKampen om nyheitsbiletet
KjernestoffKritisk presse – eit teikn på demokrati
KjernestoffPressefridom, vegen til demokrati
KjernestoffSosiale medium i teneste for folket
KjernestoffMediekvardag i Etiopia
KjernestoffMediekvardag i Iran
KjernestoffMediekvardag i Chile
KjernestoffJournalist – eit risikoyrke
KjernestoffMedieutvikling i nord–sør-perspektiv
Kjernestoff- Kjernestoff
Mediestruktur i utviklingslandDu er her
Kven skal redde Afrika?
KjernestoffTV-seriar eksporterer kulturelle verdiar
KjernestoffStorebror ser deg!
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Dagen Facebook gjekk i svart
KjernestoffSamanlikn internasjonale nyheitskanalar
KjernestoffMediestruktur og demokrati
KjernestoffBurma VJ
KjernestoffPussy Riot i nyheitsbiletet
KjernestoffYtringsfridom når terroren rår
KjernestoffUtviklingsland i mediebiletet
KjernestoffVertikal integrasjon
KjernestoffInformasjon eller underhaldning
Kjernestoff
Kildemateriale
Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka
Kjernestoff