Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. Sosiale medium i teneste for folketChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale medium i teneste for folket

Sosiale medium er blitt eit mektig våpen for aksjonsgrupper over heile verda. Verda over ser vi ei ny form for aksjonsdemokrati, der ungdom tek føringa.

Opprørarane i Tyrkia mobilserte massane på Facebook og Twitter. Det same skjedde i Brasil våren 2013.

Facebook – den femte statsmakta

Medan media tidlegare var aleine om rolla som ”den 4. statsmakta”, opplever vi i desse dagar at vanlege folk sjølve tek regien. Massane blir raskt mobiliserte til store demonstrasjonar ved hjelp av Facebook og Twitter, og dei etablerte media følgjer så opp med store oppslag på TV og i aviser.

Tawakul Karman leier ein protestmarsj mot president Ali Abdullah Saleh i Jemen i juni 2011.
Tawakul Karman leier ein protestmarsj mot president Ali Abdullah Saleh i Jemen i juni 2011.

Unge menneske over heile den arabiske verda starta Facebook-opprøret, noko som til no har ført til regimeskifte både i Tunis, Egypt, Libya og Jemen. Men i fleire land slo dei autoritære regima tilbake. I 2013 såg vi også eit gryande middelklasseopprør både i Europa og Latin-Amerika.

Les Opprør uten retning

På sikt kan denne forma for politisk påverknad komme til å erstatte meir tradisjonelle påverknadskanalar som medlemskap i politiske ungdomsparti eller ad hoc-organisasjonar.

Gjeld også i Noreg

Maria Amelie
Sosiale medium blei tekne i bruk for å sikre russiskfødte Maria Amelie opphaldsløyve i Noreg.

Ungdommens maktutredning viser at det sosiale og politiske engasjementet til unge menneske i Noreg kjem i dag tydelegast til syne i sosiale medium som bloggar, Facebook og Twitter.

Forskar Petter Brandtzæg seier til Kulturnytt i NRK P2 at vi her ser starten på ei ny form for demokrati, aksjonsdemokratiet, der engasjementet er kopla til bestemte saker eller prosjekt. Som eit eksempel nemner han Maria Amelie-saka som etter kvart fekk stor merksemd i media våren 2011.

Kurer om Maria Amelie og journalistene

0:00
Maria Amelie og journalistane

Aksjonsmakt kan misbrukast

Ei av utfordringane framover vil vere å sikre at sosiale medium ikkje blir misbrukt medvite til feilinformasjon og til åtak på demokratisk valde regime. Då kan media lett bli eit våpen i handa på ein elite som ønskjer å tvinge gjennom interessene sine utan tanke på andre grupper i samfunnet.

I eit demokratisk samfunn er det derfor viktig å sørgje for at alle får lik tilgang til å bruke denne kanalen for politisk påverknad, slik at alle røyster blir høyrde.

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale