Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. Eigarskap og marknadChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eigarskap og marknad

Det er store endringar på gang i den internasjonale medieindustrien. Digitalisering fører til at færre eig meir. Distribusjon på nye plattformer utvidar marknaden til å omfatte heile verda. Mediebedriftene veks og samarbeider i tette nettverk.

Folk koblet sammen gjennom skya. Illustrasjon.

Eigarformer og eigarkonsentrasjon

I internasjonal medieøkonomi er det to dominante eigarformer:

  • statleg eigarskap
  • konsentrert privat eigarskap, eigd i stor grad av private familiar

I USA, Storbritannia og Japan er det den private medieindustrien som dominerer. I Russland og Kina er offentleg eigarskap vanleg.

Eigarkonsentrasjon er ikkje noko nytt. I USA dominerte ABC, CBS og NBC både radio- og TV-nettverka på 1980-talet. Og tidleg på 1900-talet utgjorde dei tre store nyheitsbyråa Reuters (Storbritannia), Havas (Frankrike) og Wolff (Tyskland) eit stort nyheitskartell.

Det nye er at digitaliseringa har sett fart i utviklinga. I 1987 dominerte 29 mediebedrifter den amerikanske medieøkonomien. I 2004 var talet redusert til fem. Den same utviklinga ser vi over heile verda.

Omgrepet vertikal integrasjon blir brukt om ein eigar som eig fleire ledd i produksjonskjeda, for eksempel både bedrifter som produserer innhald og bedrifter som distribuerer innhald.

Dei sju store

Innan internasjonal medieøkonomi snakkar ein ofte om «dei sju store». Det er medieselskapa Time Warner, Disney, News Corp., Bertelsmann, NBC Universal, Viacom og CBS.

Forskarane har studert desse store selskapa og funne følgjande felles utviklingstrekk:

  • Eigarskapen er konsentrert.
  • Medieselskapa er i stand til å levere eit mangfald av produkt over ei plattform og eitt produkt over mange ulike plattformer samstundes.
  • Denne flyten av produkt på tvers av plattformer gjer det enklare for selskapa å tilpasse seg eit segmentert publikum.
  • Det igjen fører til etablering av internasjonale medienettverk for å oppnå optimale driftsfordelar i eit stadig skiftande mediemiljø.

Nye plattformer utvidar marknaden

Overgangen frå analoge til digitale medier la grunnlaget for dei fire store amerikanske mediegigantane Amason, Appel, Google og Facebook. Dei store medieselskapa eig ikkje berre meir, men dei produserer også stadig meir innhald som blir levert på stadig fleire plattformer som dei også har eigarinteresser i. I tillegg går dei inn på nye marknader som bilindustri, bankverksemd og daglegvarehandel.

Segmentering og tilpassing

Nye publiseringsplattformer utvidar marknaden for sal av innhald og reklame. Mediemarknaden er i dag langt på veg ein global marknad. Men når forbrukarane kan velje mellom 1000 TV-kanalar, blir mediekonsumet splitta opp (segmentert). I 1995 var det 225 TV-program som oppnådde over 15 millionar sjåarar. I 2005 var det ingen.

Verdsomspennande nettverk

Det er store endringar på gang i den internasjonale medieindustrien. Digitaliseringa av alle former for kommunikasjon fører til at mobil, media og Internett smeltar saman. Overgangen frå fysisk til digital distribusjon og konsum gjer det mogleg å redusere kostnadene og auke inntektene. Men då må medieselskapa utnytte fordelane med stordrift. Derfor etablerer dei store selskapa medienettverk både globalt og regionalt. Eit eksempel er tyske Vox Televison. Her eig News Corporation 49,5 %, franske Canal Plus 24,9 % og tyske Bertelsmann 24,9 %.

Mange av dei store medieselskapa har dei same aksjeeigarane, dei eig delar av kvarandre, og dei har samarbeidande styreselskap. Samstundes er dei tett knytte til andre nettverk innan finans, teknologi, kultur og politikk. Dei fleste av dei store, internasjonale selskapa har hovudkvarter i USA. I 2007 var eitt av fem selskap på Financial Times si liste over dei største selskapa knytte til media, telekommunikasjon og Internett.

Dei store selskapa etablerer nettverk både globalt og regionalt.

Visuell oversikt over verdsomspennande mediekonglomerat.

Visuell oversikt over medienettverk.

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale