Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. Internasjonal medieøkonomiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Internasjonal medieøkonomi

Globalisering og teknologisk utvikling påverkar den internasjonale medieøkonomien. I rike land utgjer medieindustrien ein større del av BNP enn i fattige land.

Dollarseddel på tastatur

Medieindustrien sin del av BNP

Medieindustrien spelar ei meir sentral rolle i rike land, som Storbritannia, USA og Japan, enn i fattige land. I USA utgjer medieindustrien ein like stor del av bruttonasjonalproduktet (BNP) som klede og drivstoff. Medieindustrien får stadig meir å seie i land som Brasil, Kina, India og Russland.

Bruttonasjonalproduktet (BNP) er summen av alle varer og tenester som blir produserte i eit land i løpet av eit år.

Dei store sluker dei små

Dei fire store amerikanske mediegigantane Amazon, Apple, Google og Facebook hadde i 2017 ein samla verdi som tilsvarte bruttonasjonalproduktet til Frankrike – den sjette største økonomien i verda. Selskapa har også utvida foretningsdrifta til nye område. Amazon driv daglegvarebutikk. Google byggjer sjølvkøyrande bilar. Apple har starta bankverksemd. Kjelde: Aftenposten

Facebook og Google konkurrerer med regionale aviser og TV-selskap om reklamekronene. Det har ført til at mange land, også Noreg, har teke til orde for at dei store, globale aktørane må rette seg etter regelverk og konkurransevilkår i dei statane dei opptrer i, på linje med nasjonale medieaktørar.

Drivkreftene

Fire viktige drivkrefter påverkar medieøkonomien både i Noreg og internasjonalt.

  • Globalisering
    Medieindustrien opptrer på tvers av landegrensene. Medieinnhald blir spreidd over landegrensene. Store mediekonsern eig mediebedrifter på fleire kontinent.
  • Regulering
    Medieindustrien blir regulert av statlege vedtak. Føremålet med slike reguleringsvedtak er å auke konkurransen og verne dei som arbeider i bransjen, og eigne innbyggjarar som konsumentar.
  • Teknologisk utvikling
    Den teknologiske utviklinga har både vore til gagn og ugagn for medieøkonomien. Gamle økonomiske modellar basert på eksemplarframstilling av innhald fungerer ikkje lenger i ein digitalisert tidsalder. I sum er likevel fordelane mykje større enn ulempene. Ny teknologi tilbyr raskare og lettare verktøy for å levere underhaldning og informasjon.
  • Ein ny type mottakarar
    Publikum er ikkje lenger passive konsumentar, men aktive produsentar av innhald. Dette er ein ny røyndom som utfordrar tradisjonell arbeidsdeling. Konsumentane er heller ikkje lenger ei einskapleg gruppe. Ulike aldersgrupper, etniske grupperingar og folk med ulik utdanningsbakgrunn har forskjellige preferansar. Media bruker derfor fleire ressursar på å kartleggje kva for medievanar folk har, slik at dei kan skreddarsy innhaldet til målgruppa, noko som i neste omgang gjer at annonsørane er nøgde.

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale