Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. Utviklingsland i mediebiletetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Utviklingsland i mediebiletet

I denne oppgåva skal du undersøke korleis norske nettmedium dekker nyheiter frå utviklingsland.

Et lys- og en mørhudet person peker på en gobus

Gå inn på FN-sambandet si side Globalis. Gjer deg kjend med nettstaden og biletet Globalis gir av tilstanden i verda.

Oppgåve 1

Gå gjennom utgåva av tre store norske nettaviser denne dagen. Registrer nyheitene som handlar om det vi kallar land i sør eller utviklingsland.

  • Kva for nyheitskriterium har vore avgjerande når avisene har valt å skrive om nettopp desse hendingane?

Oppgåve 2

  • Vel ei større norsk nettavis. Lag eit skjema der du registrerer alle utanlandssaker som avisa skriv om i løpet av ei veke. I skjemaet noterer du kva land nyheitene stammar frå, og kva dei handlar om. Noter også kven som har levert nyheita til avisa. Er det eit nyheitsbyrå eller nettavisa sine eigne reporterar? Ta vare på dei artiklane du synest er mest interessante.
  • Opprett eit kart på Google Maps og legg til ei stadsmarkering for kvart av dei landa nyheitene kjem frå. For kvar stadsmarkering kan du legge inn ei skildring av nyheita. Dersom de er fleire som jobbar med oppgåva, kan de legge inn informasjon på det same kartet. Del kartet med dei andre i klassa. Det gjer du ved å la kartet vere offentleg og dele lenka. Slik lagar du kart ved hjelp av Google Maps
  • Samanlikn dei nyheitene de har registrert med informasjonen på nettstaden Globalis.
    • Er nyheitsdekkinga i nettavisene prega av positive eller negative nyheiter?
    • Kva for informasjon kjem ikkje fram i nettavisene?
    • Kvifor er det slik?
    • Kva for konsekvensar kan det få for biletet vi har av desse landa?

Oppgåve 3

Skriv ein nyheitsartikkel om eit av landa eller områda i sør. Artikkelen skal innehalde 1800–2000 teikn. Bruk Globalis og dei artiklane du har tatt vare på som kjelder. Følg instruksjonen under. Ut frå desse faste reglane kan du gå vidare og improvisere.

  • Vel minst tre kjelder som du vil bygge artikkelen din på.
  • Sjekk kjeldene. Kan du stole på desse kjeldene?
  • Vel ut eit tema du vil kaste lys over, ut frå den informasjonen desse kjeldene formidlar.
  • Vel ut den nyheita som du synest det er viktigast å skrive om.
  • Legg vekt på å vinkle saka positivt.
  • Lag ei kort overskrift som fangar merksemda til dei som les, og som gir dei lyst til å lese vidare.
  • Følg opp vinklinga i ingressen. Ingressen skal vere kort, helst ikkje lengre enn 200 teikn eller 20 ord.
  • Skriv artikkelen med fallande nyheitsverdi. Det vil seie det viktigaste først, det minst viktige sist.

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Medieimperiet til Rupert Murdoch

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repeter internasjonale tema

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale