Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. Kampen om nyheitsbiletetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kampen om nyheitsbiletet

Den som definerer nyheitsbiletet, har makt over opinionen. Vestlege media dominerte lenge det internasjonale mediebiletet. Men det globale medielandskapet er i endring. Nye internasjonale TV-stasjonar bidreg til eit meir nyansert nyheitsbilete.

Al Jazeera endra nyheitsbiletet

Angloamerikanske TV-kanalar som BBC og CNN har i mange år dominert det internasjonale nyheitsbiletet. Nyheitsbyrået Inter Press Service (IPS) var lenge den einaste alternative kjelda til nyheiter frå ”den tredje verda”. I dag slåss fleire internasjonale TV-stasjonar om å definere kva som er sanninga om det som skjer. Mykje tyder no på at det globale mediebiletet i ferd med å endre seg radikalt.


Ein av dei viktigaste aktørane er den arabiske TV-kanalen Al Jazeera som blei grunnlagd i 1996. Den 16. november 2006 blei den engelske versjonen av Al Jazeera lansert. Al Jazeera er eigd av Qatar Media Corporation, som igjen er eigd av Qatars overhovud Sheikh Hamad bin Khalifa al Thani. Hovudsetet er i Doha, hovudstaden i Qatar, men TV-stasjonen har 45 lokalkontor verda over. I dag har Al Jazeera 100 millionar sjåarar, like mange som BBC.

Brubyggjarar og misjonærar

nyhetsanker i studio
Nyheitsanker Rola Ibrahim i Al Jazeeras engelskspråklege TV-kanal formidlar nyheiter til heile verda.

Alle nyheiter blir presenterte med det kulturelle perspektivet som nyheitsformidlaren har, seier Alain de Pouzilhac, toppsjef i TV-kanalen France 24 til avisa The Guardian. Dekninga av Irak-krigen i 2003 fekk mange journalistar til å vakne. Nyheitskanalar som BBC og CNN var einerådande i formidlinga av det som skjedde. Journalistane følgde dei amerikanske troppane på slagmarka, og nyheitsdekninga var sterkt prega av militær propaganda. Det viste til fulle at den som rår over nyheitsstraumen, kan forme opinionen.

Då Al Jazeera starta sin internasjonale nyheitskanal i 2006 fekk verda sjå det som skjedde i arabisk perspektiv. Berre tre veker etter, den 6. desember 2006, blei den franske nyheitskanalen France 24 lansert. Også franskmennene ønskte å få fram sitt perspektiv på konflikten og formidle ”franske verdiar” i det internasjonale mediebiletet.

USA, Saudi-Arabia og Russland har svart på utfordringa frå Al Jazeera ved å lansere dei nye TV-kanalane Al Hurrah, Al Aarabyia og Rusiya Al Yaum. Talet på internasjonale TV-kanalar har eksplodert. I dag finst det over 450 TV-kanalar i den arabiske verda.

Den russiske senatoren Vladimir Sloutsker erklærte at han ønskte å etablere ein ny, global jødisk TV-kanal, blant anna for å utfordre Al Jazeera International. Før det hadde Russland i 2005 starta sin Russia Today TV, mens Kina sidan 2000 har formidla sine nyheiter via CCTV-9. Begge kanalane presenterer verdshendingar på engelsk, 24 timar i døgnet, gratis på nettet, og med ein tilsynelatande objektivitet – vel å merke verda slik ho ser ut frå Russland eller Kina.

TV-sendingar på YouTube

Kampen om det globale TV-publikummet har så vidt starta. Våren 2007 lanserte den eine kanalen etter den andre dei mest populære TV-sendingane sine på YouTube. Først ute var Al Jazeera, så kom France 24 og like etter følgde dei andre. Sendingane blir lagde ut på både arabisk, engelsk og morsmålet. Kampen går ut på å vinne fram med sitt perspektiv, sitt verdsbilete. Og det er den yngre generasjonen som er hovudmålgruppa for desse nye nettbaserte globalkanalane.

Verda sett frå sør

Den 7. juni 2007 offentleggjorde den sørafrikanske statskanalen South African Broadcasting Corporation (SABC) at dei ville satse på å etablere ein panafrikansk TV-kanal som eit svar på lanseringa av den amerikanskeigde CNBC Afrika. Slik ville dei byggje ein afrikansk identitet der afrikanarane kommuniserer med kvarandre over landegrensene, og gi resten av verda tilgang til afrikanske nyheiter som ikkje berre handlar om krig, sjukdom og katastrofar.

Den same utviklinga ser vi i Latin-Amerika. I Venezuela har president Hugo Chavez vore drivkrafta bak La Nueva Television del Sur (Telesur), ein latinamerikansk satellittkanal etter modell av Al Jazeera. Telesurs direktør grunngir opprettinga av denne TV-kanalen slik:

There is an urgency to see ourselves through our own eyes and to discover our own solutions to our problems.

Utfordrar det tradisjonelle nyheitsbiletet

Den amerikanske utanriksministaren Hillary Clinton sa i 2011 til avisa Le Monde at USA taper informasjonskrigen, fordi dei store amerikanske fjernsynskanalane sender millionar av reklamar og ekspertdebattar, mens Al Jazeera stadig får fleire sjåarar i USA fordi kanalen formidlar verkelege nyheiter. Ho la til:

Anten de likar det eller ikkje, er kanalen (altså Al Jazeera) verkeleg mektig. Han er i ferd med å endre måten folk tenkjer og handlar på.

Men Al Jazeera utfordrar ikkje berre folk i Vesten. Kanalen har gitt opposisjonen ein talarstol og på det viset opna den arabiske verda for arabarar. Eit av de mest sette programma til Al Jazeera er programmet Motsett retning. Det har på det meste heile 40 millionar sjåarar. Programmet blir leia av Dr. Faisal al Qasim. Han har slept til nye tankar og idear og brote tabu som aldri blei diskuterte før. TV-kanalen speler difor ei sentral rolle ved å gje rom for meiningsytringar og debatt.

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale