Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. På veg mot ein global landsby?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

På veg mot ein global landsby?

I vår tid er nternasjonal mediestruktur prega av kommersialisering og globalisering. Medier smeltar saman og mediestraumen kryssar landegrenser. Kvar enkelt stat har ikkje lenger full kontroll over informasjon og meiningsutveksling.

signaler mellom bygninger

Globalisering og kommersialisering

NOU 2001: 6 peika på fem utviklingstrekk i den internasjonale mediestrukturen i dag:

  • Konvergens: Grensene mellom ulike medium og mellom media og tele- og IT-system blir borte.
  • Kommersialisering: Media blir i større grad oppfatta som varer på ein marknad, ikkje som viktige samfunns- og kulturininstitusjonar.
  • Globalisering: Medieproduksjon og -distribusjon rettar seg meir og meir inn mot den globale marknaden.
  • Standardisering: Nye seriar, såpeoperaer og filmar blir stadig gjort som samproduksjonar eller produsert med tanke på at folk frå ulike kulturar skal kunne handtere formata og kodane.
  • Eigarkonsentrasjon: Få aktørar eig det som er verdt å eige av all produksjon og distribusjon i verda innan film, TV, aviser, magasin, bøker, musikk og anna. Det gjer det mogleg for desse aktørane å påverke menneske over heile verda i svært stor grad.

Den globale landsbyen

Utviklinga av informasjonsteknologien har ført til at menneske frå ulike delar av verda i dag er knytte tettare til kvarandre enn tidlegare. Denne utviklinga har skjedd parallelt med utviklinga av ein global økonomi.

I 1964 lanserte den canadiske filosofen og medievitaren Marshall McLuhanein teori om den globale landsbyen. Det var lenge før Internett og digitale plattformer var tilgjengelege for alle. Han brukte omgrepet den digitale landsbyen om ei framtid der menneske over heile verda blir eksponerte for same kulturelle påverknad.

Marshall McLuhan - The World is a Global Village (CBC TV)

I dag ser vi at TV-underhaldning i stor grad er blitt ein globalisert bransje som er med på å forme dei tankane menneske over heile kloten har om kva som er eit godt liv.

Mediebruk som fritidssyssel

Nokre medievitarar hevdar at norske medium, som resultat av ei stadig sterkare kommersialisering av mediebransjen og utstyrsbransjen, no går frå å vere ein viktig demokratisk arena til å bli ein opplevingsmarknad. Medieprodukt er noko vi aktiviserer oss med i fritida ved hjelp av dei elektroniske plattformene vi heile tida har tilgjengeleg.

Forskarar peikar på at denne typen mediebruk skaper informasjonskløfter i eit samfunn der alle elles har same tilgang til viktig informasjon.

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale