Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. Kritisk presse – eit teikn på demokratiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kritisk presse – eit teikn på demokrati

I autoritære regime er media talerør for statsmakta. Russland og Kvite-Russland har formelt sett pressefridom Men journalistar har vanskelege arbeidstilhøve, og nokre fryktar represaliar dersom dei kritiserer styresmaktene.

Siri Lill Mannes arbeidde som journalist og nyheitsanker i TV 2 frå 1992 til 2010. Ho snakkar flytande russisk, og ho har også studert historie og statsvitskap. I år 2000 blei Mannes tildelt Kringkastingsprisen for framifrå journalistikk.

Fridom til å kritisere statsmakta

Media har stor innverknad på folkeopinionen, derfor er det viktig korleis dei framstiller røyndomen. I demokrati blir pressa omtala som “den fjerde statsmakta”, og som “vaktbikkje” for dei tre andre statsmaktene – den dømmande, den utøvande og den lovgjevande makta. Det er forpliktande å spele ei så viktig rolle i samfunnet. Det krev mykje av både yrkesmoral og integritet hos journalistar.

– Jo betre eit samfunn fungerer, dess verre kan det sjå ut på nyheitene, seier Siri Lill Mannes, tidlegare nyheitsanker i TV 2.

– I land som har fri presse, ser vi ofte at medieoppslaga er prega av avsløringar og kritikk av eigne styresmakter. Dette ser vi ikkje i land der pressa er underlagt sensur.

Under totalitære regime har pressa svært liten fridom og blir brukt som ein maktreiskap i hendene til styresmaktene. Mannes peikar på Kviterussland for å illustrere poenget sitt.

– Her er pressa ein reiskap for styresmaktene. Ei typisk oppgåve for journalistar vil vere å følgje presidenten på reiser rundt i landet og rapportere om kor fint alt fungerer under den gode leiinga til regimet. På denne måten blir nyheitsbiletet prega av idyll og harmoni. Kritisk journalistikk blir ikkje tolerert.

– Dette står i sterk kontrast til nyheitsbiletet i levande demokrati, seier Mannes. – Her er kritikk av styresmaktene ei viktig oppgåve for journalistane, og nyheitene er fulle av avsløringar, analysar av ordningar som ikkje fungerer, og reportasjar om menneske med makt som tek tvilsame avgjerder.

– Når kviterussiske medium formidlar nyheiter frå den vestlege verda, peikar dei på avsløringar og kritiske nyheitsoppslag for å vise kor dårleg det politiske systemet fungerer her. Slik snur dei biletet på hovudet og gjer det til propaganda for sitt eige styre.

Fridomskjempar eller terrorist?

Siri Lill Mannes skriv og snakkar russisk og har vore særleg oppteken av korleis styresmaktene I Russland handterer mediedekninga av konflikten i Tsjetsjenia. I denne regionen har sterke krefter kjempa for sjølvstende og lausriving frå Russland. Sjølve kallar dei seg fridomsforkjemparar, medan russiske medium omtalar dei som terroristar.

– I vår del av verda har vi høyrt lite om konflikten i Tsjetsjenia, seier Mannes. – Det har vore to krigar der, og framleis er situasjonen spend. Arbeidstilhøva for uavhengige journalistar blei etter kvart heilt håplause. Vil du inn i området som reporter, får du tilbod om vern frå russiske militære, men då får du berre sjå det dei finn for godt å vise deg. Reiser du på eiga hand, risikerer du å bli fengsla eller til og med drepen.

Journalisten og menneskerettighetsforkjemperen Anna Politkovskaja i samtale med en tsjetisk kvinne som har en sønn i fengsel.
Menneskerettsforkjempar Anna Politkovskaja i samtale med ei tsjetsjensk kvinne som har sonen sin i fengsel.

Anna Politkovskaja neka å teie

Russiske styresmakter held pressa i eit jerngrep. Likevel finst det aviser som køyrer ein regimekritisk profil. Den mest kjende er Novaja Gazeta, som var arbeidsplassen til journalisten Anna Politkovskaja. Ho er kjend over heile verda for dei kritiske artiklane ho skreiv om tilhøva i Tsjetsjenia. Ho avslørte stygge brot på menneskerettane ved å dokumentere konkrete saker. Og i 2006 blei ho funnen skoten og drepen i heisen i huset der ho budde. Drap og mystiske dødsfall har skjedd så mange gonger med journalistar i Novaja Gazeta at mange ser på det som reine sjølvmordet å jobbe der.

Sjå TV 2-dokumentaren om Anna Politkovskaja: Makten og frykten

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale