Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Ut i verda

Internasjonale mediestrukturar er prega av digitalisering, kommersialisering og globalisering. Mediestraumar krysser landegrenser, og straumen går oftast frå nord til sør. I mange land er ytringsfridommen framleis avgrensa, eller fråverande.

Skjermer i et kontrollrom med bilder fra hele verden. Foto.

Ytringsfridom er grunnleggjande for utvikling av eit demokrati. I ein del land i verda har befolkninga fått meir reell ytringsfridom, blant anna fordi dei har fått tilgang til moderne medieteknologi. Autoritære regime sensurerer media. Også i land som framstår som demokrati, blir pressefridommen avgrensa ved at journalistar blir dekrediterte, fengsla eller drepne av dei som ikkje ønskjer kritisk lys på verksemda si.

Den multinasjonale underhaldningsindustrien eksponerer i dag menneske over heile verda for den same kulturelle påverknaden. Også nyheitsstoff blir produsert i nokre rike land i nord og spreidd til resten av verda. Verda går i retning av å bli ein digital landsby, slik den canadiske filosofen og medievitaren Marshall McLuhan spådde i 1964.

Mediegigantar som Google og Facebook forsyner seg grovt av annonsemarknaden i mange land. Det truar inntektsgrunnlaget for nasjonale nyheitsmedium, noko som i neste omgang utfordrar journalistrolla og kvalitetsjournalistikken. Fleire tek derfor til orde for at dei store multinasjonale selskapa no bør tilpasse seg nasjonale krav.

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale