Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Meiningar om mediepolitikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Meiningar om mediepolitikk

For å finne ut kva dei politiske partia meiner om mediepolitikk må du studere partiprogramma. Sjå spesielt etter kva dei seier om tema som framtida til NRK, støtteordningar og regulering av eigarskap.

Logoen til politiske partier ved kommunevalg 2011. Illustrasjon.

Du finn ei enkel oppsummering av partia sine standpunkt ved stortingsvalet i 2017 i denne artikkelen i nettavisa M24: Hva skriver de politiske partiene om mediepolitikk?

Oppgåve 1

Kva meiner desse partia om korleis NRK skal finansierast i framtida?

  1. Framstegspartiet
  2. Høgre
  3. Kristeleg folkeparti
  4. Venstre
  5. Arbeidarpartiet

Oppgåve 2

Kva meiner desse partia om produksjonstøtte (pressestøtte)?

  1. Senterpartiet
  2. Høgre
  3. Framstegspartiet
  4. Sosialistisk Venstreparti
  5. Arbeidarpartiet

Oppgåve 3

Kva meiner desse partia om regulering av eigarskap i media?

  1. Miljøpartiet Dei Grøne
  2. Høgre
  3. Raudt

Oppgåve 4

Diskuter i klassen:

  • Kva parti har den beste mediepolitikken?
  • Kor mykje skal politikarane blande seg inn i medieøkonomien?

Del klassen inn i tre grupper før diskusjonen tek til. Den eine gruppa skal førebu argument mot produksjonsstøtte, den andre for produksjonsstøtte, den tredje skal stå midt imellom og utfordre dei to andre gruppene på standpunkta deira.

Følg same prinsipp når de diskuterer NRK si rolle som allmennkringkastar og regulering av eigarskap i media.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter