Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Mediepolitikk og mediestruktur i NoregChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediepolitikk og mediestruktur i Noreg

Norge er eit lite land med eit stort mediemangfald. Det er ikkje tilfeldig, men resulat av politiske vedtak og tiltak under skiftande regjeringar frå 1960-åra og fram til i dag.

I denne videoen besøkjer vi ei avis som baserer drifta på pressestøtte, og ein fjernsynskanal som ikkje kan overleve utan reklameinntekter.

Tenkjepause

Sjå videoen. Snakk deretter saman to og to i klassen. Fortel kvarandre kva de legg i orda mediestruktur og mediemangfald.

Mediemanfald styrkjer demokratiet

Dess fleire ulike medium vi har, dess fleire ulike nyheiter og debattar får vi. Derfor er det i dag brei politisk semje i Noreg om at mediemangfald er viktig for demokratiet.

Medieforskaren Helge Østby omtalte i 1988 måla for norsk mediepolitikk slik:

  1. Styrke demokratiet (stikkord: reell ytringsfridom, tilgang til same informasjon)
  2. Ta vare på samfunnsstrukturen (stikkord: norsk språk, norsk kultur, felles normsett, leggje til rette for vedtaksprosedyrar av typen frie, offentlege val)

Endringar i det norske samfunnet dei siste tiåra gjer at medieforskarar no også peikar på utviklinga av det fleirkulturelle samfunnet som eit mediepolitisk mål. Det same gjeld det å leggje til rette for overgang frå analoge til digitale medium.

Både privat og offentleg eigarskap

Norske medium er eigde og finansierte av både offentlege og private aktørar. Norsk mediestruktur er derfor eit spegelbilete på blandingsøkonomien som heile det norske samfunnet er tufta på.

I 2017 blir alle som kjøper eit fjernsynsapparat i Noreg, registrerte som lisensbetalar. Lisensavgifta er ei årleg avgift som er fastsett av Stortinget i Statsbudsjettet. Lisensen finansierer drifta av det største radio- og TV-selskapet i Noreg, allmennkringkastingsselskapet Norsk rikskringkasting. Som allmennkringkastar har NRK eit spesielt ansvar for å formidle informasjon og gje eit programtilbod som famnar alle grupper i befolkninga.

Frie og uavhengige medium

I Noreg er det eit viktig prinsipp at media skal opptre som frie og uavhengige og ikkje vere underlagde statleg kontroll eller økonomiske særinteresser. For å sikre eit variert medietilbod og styrkje demokratiet gjer staten økonomisk støtte til utvalde aviser over heile landet. Desse støtteordningane blir kalla pressestøtte.

Økonomisk lønsemd for mediebedriftene er også eit viktige mediepolitisk mål. Dei kommersielle media i Noreg er avhengige av sterke eigarar og reklameinntekter for å overleve i kampen mot internasjonale mediegigantar, og freistnaden kan vere stor til å utviske skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald. Både poltitikarar ofg medieforskarar er opptekne av korleis eigarskap og ulike finansieringsformer påverkar journalistikken og det redaksjonelle arbeidet.

Bord med mikrofoner fra ulike TV-selskaper. Foto.
Det er politisk semje om at vi skal ha eit mediemangfald i Noreg, men politikarane er usamde om kva tiltak som er naudsynte for å sikre dette.

Politiske skiljelinjer i norsk mediepolitikk

Politikarane har to kraftfulle verkemiddel i mediepolitikken: penger frå statskassa og lovregulering. Det viktigaste skiljet i norsk mediepolitikk går mellom partia Høgre og Framstegspartiet på den eine sida og SV, AP og sentrumspartia på den andre sida.

Politikarane er blant anna usamde om i kva grad det skal vere særlege lover som regulerer eigarskap i media. Dei sosialistiske partia har vore spesielt opptekne av å hindre for stor eigarkonsentrasjon, mens H og FRP i større grad opnar for fri konkurranse.

Høgre og Framstegspartiet har teke til orde for å å bruke mindre pengar på pressestøtte og støtte til norsk film. Dei har også ønskt å endre NRK-lisensen og avgrense NRK si verksemd på nett for å sikre betre inntekter for kommersielle medium.

De sosialistiske partia og mellompartia er i større grad tilhengjarar av ein sterk statleg allmennkringkastar. Dei er også tilhengjarar av støtteordningar som sikrar produksjon av norsk film, og som sørgjer for at dei små media ikkje døyr i konkurransen mot dei store.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter