Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Eigarskap i mediaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eigarskap i media

I Noreg har vi både offentlege og private medieeigarar. Offentlege medieeigarar skal spesielt ta omsyn til demokratiske, sosiale og kulturelle behov som omfattar alle borgarar i samfunnet. For privateigde mediehus går utviklinga i retning av auka eigarkonsentrasjon.

Sjefredaktør Trine Eilertsen om eigarskap i media i 2011. Ho ser både positive og negative sider ved eigarkonsentrasjon.

Medieinnhald – ei vare?

Den rolla media spelar som formidlar av informasjon og arena for offentleg debatt, er ein viktig føresetnad for at eit moderne demokratisk samfunn skal kunne fungere. Den norske felleskulturen er i stor grad medieskapt og/eller mediedistribuert. Mediebedriftene produserer og distribuerer derfor offentlege gode som alle borgarar i eit samfunn er avhengige av.

Samtidig dekkjer media også behovet for private tjenetser, som underhaldning. Slike tenester kan sjåast på som ei vanleg kommersiell vare i ein marknad.

Statleg eigarskap

Norske media er i all hovudsak eigd av private aktørar. Eit viktig unntak er Norsk rikskringkasting som er eigd av staten. I 1996 blei NRK organisert som eit aksjeselskap med staten som einaste aksjeeigar. Kulturdepartementet er generalforsamling og vedtek vedtektene. Mange land har ei slik allmennkringkasting der føremålet er å ta hand om demokratiske, sosiale og kulturelle behov som omfattar alle borgarar i samfunnet.

Staten eig også delar i selskap som driv med distribusjon. I 1719 overtok staten ansvaret for Postverket, og i 1855 blei Telegrafverket etablert for å gi folk over heile landet tilgang til informasjon. I 1996 blei Posten gjord om til statsaksjeselskap. Det same har skjedd med Telenor, der staten framleis eig 54 % av aksjane, sjølv om selskapet i dag driv ei langt meir omfangsrik verksemd enn rein distribusjon.

Privat eigarskap

Dei fleste avisene var tidlegare eigde av familiegrupper eller politiske parti. I dag er avisene kjøpte opp av store mediehus som har eigardelar i fleire aviser, og ofte også i radio- og TV-kanalar. Aksjepostar blir kjøpte og selde, slik at det kan vere vanskeleg å vite kven som til kvar tid eig kva. Oppdatert oversikt over eigarstrukturen i norske media finn du hos Medietilsynet:

Medietilsynet: Eigarskap i norske medium

Nye, kommersielle distribusjonskanalar spelar ei stadig viktigare rolle for kva slags medieinnhald vi får tilgang til. I dag må du abonnere på ein kommersiell distribusjonskanal for å sjå bortekampane til det norske landslaget i fotball eller følgje Barcelonas veg til Champions League. Vi ser også at store nettgigantar, som Google, etablerer eigne kanalar for innhaldsformidling, delvis i konkurranse med etablerte mediebedrifter.

Hånd som holder mange ulike medielogoer. Manipulert fotografi.

Eigarkonsentrasjon

Både i Noreg og internasjonalt aukar konsentrasjonen av eigarskap innan mediesektoren. Store mediekonsern kjøper opp fleire føretak innanfor same gruppe media, eller i forskjellige mediegrupper. Både føretak som driv med produksjon, og føretak som driv med distribusjon, inngår i same eigarstrukturen.

Dei store omorganiseringane mange mediebedrifter gjennomgår for å møte den digitale utviklinga, krev større økonomiske musklar. Konkurransen frå ein global mediemarknad har også fått norske medieeigarar til å samarbeide for å hindre utanlandske oppkjøp.

Regulering av eigarskap

Staten kan sikre mediemangfald ved lovregulering. Fram til 2015 var det ei eiga lov i Noreg som regulerte medieeigarskap. Ei grense på ein total eigarskap på 33 prosent skulle hindre eigarskapskonsentrasjon. Medietilsynet hadde til oppgåve å handheve denne lova.

I 2016 erstatta Solberg-regjeringa denne lova med ei ny lov, lov om åpenhet om eierskap i medier. Dei som var for lovendringa, meinte at dette vil føre til eit enklare og ryddigare lovverk, utan at media fekk særbehandling. Dei som var imot, meinte at media har ein spesiell demokratisk funksjon og derfor treng særlege omsyn, og at ei grense for eigarskap er naudsynt for å sikre mediemangfaldet.

I dag er det Konkurransetilsynet som har tilsyn med medieeigarskap, på linje med eigarskap i andre private føretak. Medietilsynet skal gjere informasjon om medieeigarskap tilgjengeleg for folket.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter