Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Trendar i medieutviklingaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trendar i medieutviklinga

Mediebiletet har endra seg svært mykje dei siste åra, og dette skjer i stadig raskare tempo. Trine Eilertsen kommenterer ein del av trendane. Eilertsen er er kjent som tidlegare sjefredaktør i Bergen Tidende og Aftenposten.

To små barn med hver sin mobiltelefon. Foto.

Mediebilete i endring

Mediebiletet har endra seg svært mykje dei siste åra, og dette skjer i stadig raskare tempo. Eit døme er fenomenet iPad, som kom fort på oss, og som vi måtte ta stilling til. No er iPad noko alle snakkar om, og vi nyttar mykje tid på å innrette oss etter dette.

Dei viktigaste trendane vil eg oppsummere slik:

  • Inntektene til mediehusa går ned, fordi lesarane i mindre grad betalar for innhaldet. Tidlegare levde vi av ei blanding av lesarinntekter og annonseinntekter. På nett er det først og fremst annonseinntekter som held liv i oss. Det gjer media meir sårbare for konjunkturar.
  • Den delen av folket som les papiraviser, blir stadig eldre, og mediehusa slit med å rekruttere yngre lesarar til papiret.
  • Dei yngre lesarane brukar nett i mykje større grad.
    Mangfaldet har aldri vore større. Talet på redaksjonar og plattformer har auka dramatisk. Det er mykje meir av den dårlege journalistikken, men òg mykje meir av den gode. Det siste fordi metodane er blitt fleire og betre, ikkje minst med bruken av Internett og digitale kjelder.
  • Deltakinga frå lesarane er sterkt aukande. Tidlegare var det først og fremst journalistar og maktpersonar som ytra seg offentleg. No er lesarane aktive i ein heilt annan grad via Facebook, Twitter, bloggar og e-post.
  • Ingen ting er lokalt, alt er globalt. Digitaliseringa av media har gjort at alle ytringar kan spreiast over heile verda i løpet av sekund. Eit døme er Muhammed-karikaturane og debatten rundt dei. Ei sak som blei trykt i Adresseavisen den eine dagen, vart spreidd på gata i Islamabad den neste, og utløyste store demonstrasjonar.

Samansmelting – og konkurranse

Dei ulike medieplattformene som papir, nett, lesebrett og TV er i ferd med å smelte saman. Det gjer at både mediebildet og konkurransetilhøva endrar seg. Tidlegare tok NRK seg av alt av levande bilete, medan vi andre heldt på med tekst og stillbilete. No er nettsida til NRK like full av tekst som sida til BT, og vi produserer levande bilete kvar dag. Dei nye lesebretta syner korleis alt dette smeltar saman, og høyrer saman, og formidling og journalistikk er eit fag som i liten grad er spesifisert til papir eller TV. Etter kvart må journalistane kunne fleire forteljingsmetodar.

Gratis – eller betaling?

Produksjon av nyheiter er kostbart. Ei god gravesak kan koste både 10 og 12 veker med intenst arbeid for to–tre personar. Det kostar òg å ha personar på jobb nesten heile døgeret, og levande bilete er dyrt. Di høgare kvalitet, di meir kostbar er journalistikken å produsere. Dei som lagar journalistikken, er meir kompetente, og er dyrare å løne, og metodane krev tid og flid som òg kostar.

Dette må vi finansiere. Det fører til at lesarane må førebu seg på å betale meir for godt innhald. Ei sak som har kosta oss 200 000 kroner å lage, kan ikkje gjevast bort på nett utan vidare, slik det blir i dag. Nokre saker kan vi framleis gjere det med, men lesarane må førebu seg på å betale for kvalitet her, som på alle andre område i livet. Vi må jobbe oss i den retninga vi kjenner frå før: ein kombinasjon av annonseinntekter og lesar- og brukarinntekter. Dei som klarar å knekkje koden, klarar òg å lage kvalitet i framtida.

Redaksjonell fridom – finansiering

Kvaliteten er avhengig av at media har den redaksjonelle fridomen vi er vande til at dei har. Så snart det blir sådd tvil om denne, fordi eigar eller annonsørar prøver å påverke innhald, rasar fundamentet for den journalistiske kvaliteten. Difor er sjølvstende det første bodet for kvar redaktør som er ekte oppteken av journalistikk, og det ligg fast same korleis media blir finansiert.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter