Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Regulering og sjølvråderettChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Regulering og sjølvråderett

Norske medium har ei fri og uavhengig stilling i forhold til statlege styresmakter. Grunnlova sikrar formell og reell ytringsfridom. Men staten set likevel nokre grenser for verksemda til media.

Norges lover med klubbe. Foto.

Lovreguleringar

Dei lovene som gjeld i Noreg, er vedtekne av Stortinget. Grunnlova sikrar ytringsfridom. Ærekrenking og spreiing av pornografi blir ramma av straffelova. Men det finst fleire lover og forskrifter som regulerer medieverksemda i landet vårt:

  • Konkurranselova
  • Marknadsføringslova
  • Lov om film og videogram
  • Lov om kringkasting

Konsesjonsordningar

Etter kringkastingslova § 2-1 har Norsk rikskringkasting rett til å drive kringkasting. Andre enn NRK må ha konsesjon for å drive kringkasting eller lokalkringkasting. Kulturdepartementet fastset reglar og lovverk for konsesjonstildeling. På denne måten blir politiske vedtak om mediemangfald som Stortinget fattar, sett ut i livet.

Tilsegn om konsesjon gjeld for ein tidsavgrensa periode og inneheld reglar for føremål, dekningsgrad, lokalisering og plikt til å sende visse typar program. Medietilsynet har ansvaret for å føre tilsyn med at dei aktørane som har fått konsesjon, følgjer opp dei pliktene dei har blitt pålagde.

Media har sjølvråderett

Norske medium er i liten grad regulert av lover, og ein av grunnane til dette er sjølvjustisen i den norske pressa: Pressa har sine eigne, sjølvpålagde ”lover”: Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten. Og ho har sin eigen ”domstol”: Pressas Faglege Utval. Slik har pressa sjølv danna seg eit vern mot at staten skal gripe inn i det dei held på med. Styresmaktene treng ikkje blande seg inn og regulere med lov det som allereie fungerer godt.

Redaktørar og journalistar held altså orden i eige hus. Som motyting garanterer staten for sjølvstendet til redaksjonane: Det er vedteke ved lov at korkje eigarar eller andre utanforståande har lov til å overprøve dei avgjerdene som redaksjonane tek, prinsippa i redaktørplakaten er blitt lovfesta. Det skjedde i 2007.

Med ujamne mellomrom er det kome fram forslag om å opprette eit medieombod. Dette ville føre med seg at staten grip inn i pressa sine saker, og det er media naturleg nok lite interesserte i.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter