Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Mediepolitikk og politiske skiljelinerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediepolitikk og politiske skiljeliner

I eit demokratisk samfunn har staten ansvar for å gi alle borgarar nok informasjon og reell ytringsfridom. Men mediepolitikk handlar også om å ta vare på det norske språket og norske verdiar. Verkemiddel i mediepolitikken er økonomiske støttetiltak og lovregulering.

Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen kommer sammen med den påtroppende regjeringen høsten 2013
Regjeringa Solberg i 2014

Lovreguleringar og statstilskot

– Politikarane våre er pålagde å drive mediepolitikk, og i praksis har dette ofte handla om å sørgje for at små medium ikkje skal døy i konkurransen mot dei store, fortel professor Martin Eide ved Universitetet i Bergen.

Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for en aaben og oplyst offentlig Samtale (utdrag frå § 100 i Grunnlova).

I Noreg har vi lovfesta ytringsfridom. Men Grunnlova går vidare, ho gjev styresmaktene ansvar for tilrettelegging for bruk av ytringsfridommen. Folk skal ha tilgang til kunnskap som dei kan basere meiningane sine på, slik at dei er ”oplyste”, som det står i lovteksten. Dei folkevalde har dessutan ansvar for at det finst arenaer for offentleg debatt ( ”offentlig Samtale”). Begge delar må til for at demokratiet vårt skal fungere.

Skular og bibliotek driv folkeopplysing. Det gjer òg media, som samstundes er den viktigaste offentlege debattarenaen vår – difor er mediepolitikk viktig for å oppfylle krava i Grunnlova.

– Politikarane har to kraftfulle verkemiddel i mediepolitikken: pengar frå statskassa og lovregulering, fortel Martin Eide, som har skrive ei rekkje bøker og artiklar om media i det norske samfunnet.

Regjeringa legg kvart år i oktober fram eit forslag til statsbudsjett. Det er Stortinget som vedtek budsjettet. Statsbudsjettet fortel kor mykje pengar kvart departement har til rådvelde i året som kjem. Stønaden til mediebransjen i Noreg kjem frå Kulturdepartementet. Regjeringa må i tillegg sjekke alt mot EØS-avtalen når dei gjer endringar i statsstøtteordningane, og EFTAs overvakingsorgan må godkjenne endringane.

Raud-grøn mediepolitikk i 2011

Mediepolitikken speglar viktige skilelinjer i norsk politikk. Den raud-grøne Stoltenberg-regjeringa i perioden 2011-2014 ønskte difor andre mediepolitiske tiltak enn den blå-blå Solberg-regjeringa som tok over hausten 2014.

Intervju med dåverande kulturminister Anniken Huitfeldt (AP) under Mediedagane i Bergen i 2011.

I oktober 2012 la den nyoppnemnde kulturministeren Hadia Tadjik fram det første kulturbudsjettet sitt. Regjeringa sitt overordna mål på medieområdet er å sikre ytringsfridom, rettssikkerheit og eit levande demokrati. Dette kjem til uttrykk i følgjande mål:

  • mangfald og kvalitet i norske medium
  • redaksjonell fridom
  • ei sterk allmennkringkasting
  • mangfald i medieeigarskap
  • styrking av norsk filmproduksjon
  • likestilling på medieområdet
  • vern av barn og unge mot medieinnhald som kan vere skadeleg
  • modernisering av samfunnet gjennom digitalisering

Blå-blå mediepolitikk i 2014

Etter regjeringsskiftet i 2014 tok Høgre og Framstegspartiet til orde for for å setje eit tak på pressestøtta, redusere auken i NRK-lisensen og innføre plattformnøytral moms og pressestøtte.

Pressestøtte er eit økonomisk bidrag frå staten til norske aviser i form av subsidiering og produksjonstilskot. Dei fleste aviser som får produksjonsstøtte, er nr. 2-aviser og minoritetsaviser. Pressestøtta vart oppretta i 1969 som eit statleg verkemiddel for å halde oppe eit breitt mediemangfald i Noreg.

Plattformnøytral pressestøtte vil seie at pressestøtta til avisene er uavhengig av om dei kjem ut på papir eller på annan måte.

– Det er eit mål for regjeringa å gjere pressa mindre avhengig av statlege støttetiltak. Vi ønskjer ein ny mediepolitikk som fremjar innovasjon og støttar opp under den digitale satsinga, sa kulturminister Thorhild Widvey (H), som hadde ansvaret for mediepolitikken, til NTB.

FrP har programfesta at dei vil avvikle heile lisensen, og at staten skal selje NRK. Høgre vil halde på NRK som eit ikkje-kommersielt allmennkringkastingstilbod, men meiner at NRK ikkje skal utfordre private aktørar utanfor kjerneområdet sitt.

Blå-grøn mediepolitikk i 2018

I 2018 blei Solberg-regjeringa utvida med partiet Venstre. I den felles regjeringserklæringa står det som venta at «regjeringens mediepolitikk skal legge til rette for ytringsfrihet, pressefrihet og informasjonsfrihet». Men regjeringa vil fjerne NRK-lisens og erstatte han med ein meir framtidsretta finansieringsmodell.

Vidare heiter det at regjeringa meiner at internasjonale medieaktørar som opererer i Noreg, som Google og Facebook, må forholde seg til norske konkurransevilkår.

Sjå s. 55 i Politisk plattform 2018

Kritikk frå bransjen

Dei siste åra har mange mediehus og aviser måtta kutte stillingar på grunn av opplagsnedgang og lågare annonseinntekter. Derfor åtvarar bransjen mot å redusere pressestøtta i statsbudsjetta framover. Mediekommentator Sven Egil Omdal er blant dei som er bekymra for framtida til pressa og etterlyser ein meir ambisiøs mediepolitikk.

– Politikarane burde bekymre seg djupt og inderleg over at den journalistiske overvakinga av lokalsamfunnet forvitrar, over at utanriksjournalistikken skrumpar inn (...), over at det knapt finst kulturredaksjonar igjen i avisene, og over at stadig meir av den journalistiske produksjonen blir utført av menneske som ikkje rører seg utanfor veggene i mediehusa, skreiv han i Stavanger Aftenblad.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter