Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Verkemiddel i norsk mediepolitikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Verkemiddel i norsk mediepolitikk

Målet med den mediepolitikken som dei statlege styresmaktene utøver, er å sikre ytringsfridom, mangfald og kvalitet. Kva verkemiddel nyttar styresmaktene i mediepolitikken? Kva bruker dei pengar på? For det er snakk om mange pengar.

Bilde. Blågrønn regjering holder pressekonferanse på Stortinget.
Offentleg økonomisk støtte av mediebransjen er ein fast post i det norske statsbudsjettet. Her frå ein pressekonferanse regjeringa held på Stortinget.

Mediemangfald, ytringsfridom og kvalitet

Staten utøver ein politikk som skal leggje til rette for at media kan tryggje ytrings- og informasjonsfridomen i landet vårt. Det er nemleg ein kjerneverdi i demokratiet. I Grunnloven paragraf 100 om ytringsfridom står det:

Det påligger statens myndigheter å legge forholdene til rette for en åpen og opplyst offentlig samtale.

«En åpen og opplyst samtale» føreset eit mangfald av ulike medium, og at det er kvalitet på det innhaldet media formidlar. Til å vere eit lite land har Noreg eit stort mediemangfald. I global samanheng er dette nærmast unikt.

Lover og reglar samt økonomisk støtte er verkemiddel staten nyttar for å nå desse mediepolitiske måla.

Staten sine økonomiske verkemiddel

Økonomisk støtte blir gitt i form av redusert meirverdiavgift (moms), pressestøtte til ein del aviser og støtte til allmennkringkasting. Staten bidrog med nesten 8 milliardar kroner til norske medium i 2016, fordelt slik:

  1. NRK-lisensen på 5,7 milliarder er den største delen av denne potten.
  2. Meirverdiavgiftsfritak på 1850 millioner, med 1500 millioner til papiravisene og 350 millioner til tenester for digitale nyhende.
  3. Mediestøtte på 369 millioner (tidligere omtalt som pressestøtte), der produksjonsstøtte på 313 millioner utgjer nesten 90 %. Denne produksjonsstøtta til dagsavisene har vore og er eit viktig bidrag til at vi har så mange aviser i Noreg. Anna støtte på 56 millioner. Oversikt over mediestøtte finn du i Mediestøttebasen hjå Medietilsynet.

Regulering

Det er fleire måtar staten kan regulere media på. Det viktigaste dei gjer, er å vedta lover. Det finst fleire lover og forskrifter som regulerer medieverksemda i landet vårt:

  • Lov om åpenhet om eierskap i medier
  • Lov om film og videogram
  • Lov om kringkasting

Etter kringkastingslova § 2-1 har Norsk rikskringkasting rett til å drive kringkasting. Andre enn NRK må ha konsesjon (særskilt løyve) for å drive kringkasting eller lokalkringkasting. Kulturdepartementet fastset reglar og lovverk for konsesjonstildeling. Konsesjonen blir gitt for ein tidsavgrensa periode og har avtalepunkt om føremål, dekningsgrad, lokalisering og innhaldsmessige forpliktingar. Medietilsynet har ansvaret for å føre tilsyn med at dei aktørane som har fått konsesjon, følgjer opp dei forpliktingane dei er vortne pålagde.

Allmennkringkasting

Eit av dei viktigaste verkemidla staten har i mediepolitikken for å sikre eit mangfaldig medieinnhald av god kvalitet, er det vi kallar for allmennkringkasting. Allmennkringkasting er den norske omsetjinga av den engelske nemninga «public service broadcasting». Nemninga vart lansert i 1923 i samband med etableringa av den første allmennkringkastaren British Broadcasting Cooperation (BBC). Rolla til allmennkringkastinga er å bidra til at vi har ein felles arena som gir betre kommunikasjon og ein auka gjensidig respekt og forståing i samfunnet, og dessutan å styrke norsk språk, innhald og kultur.

I dag er NRK, TV 2, Radio Norge og P4 allmennkringkastarar. Norsk rikskringkasting (NRK) speler ei sentral rolle som allmennkringkastar. Oppdraget deira er formulert i ein eigen NRK-plakat, som er utgangspunktet for styringa av NRK. TV 2 er den største kommersielle TV-kanalen og er den einaste kommersielle TV-kanalen som har allmennkringkastingsplikter.

Radio Norge og P4 er to av de største kommersielle radiokanalane og har begge allmennkringkastingsplikter. Det inneber at dei skal vere av allmenn interesse, og at dei skal ha eit breitt tilbod av innhald som fangar både breie og smale lyttargrupper.

Å vere allmennkringkastar er eit privilegium, fordi kringkastaren får senderett til alle delar av landet. Med den retten følgjer ei plikt til å lage eit innhaldstilbod for heile befolkninga, og å produsere nyheits- og aktualitetsprogram.

Sjølvregulering

I nokre tilfelle har media utarbeidd eigne retningslinjer for korleis dei skal utøve verksemda. Med andre ord er det ei semje mellom staten og media om at media skal vakte seg sjølve. Dette blir gjort for å unngå for sterk statleg styring av media ut frå prinsippet om ei fri og uavhengig presse. Eksempel på slike retningslinjer er

  • Ver Varsam-plakaten
  • Redaktørplakaten
  • NRK-plakaten

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter