Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Eigarskap, opplag og betalingsordningarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Eigarskap, opplag og betalingsordningar

Tre norske aviser som ligg i vifte. Foto.

Oppgåve 1: Avisopplagstal

  1. Bruk tabellgeneratoren til å finne fram opplagstal for ei laussalsavis, ei storbyavis og ei lokalavis http://www.medienorge.uib.no/statistikk/medium/avis/190
  2. Svar på desse spørsmåla:
    • Kva seier tala deg om utviklinga av opplagstala dei siste 25 åra?
    • Korleis vil du forklare denne utviklinga?
  3. Del det du har komme fram til, med ein medelev og til slutt for heile klassen.

Oppgåve 2: Betalingsordningar

  1. Finn lokalavisa di her: http://www.norske-aviser.com/
  2. Finn ut av og svar på desse spørsmåla:
    • Kva betalingsordning har lokalavisa di på nett?
    • Kva kostar dei ulike abonnementsordningane?
  3. Kva skal til for at du er villig til å betale for full digital tilgang til lokalavisa?

Oppgåve 3: Eigarskap

  1. Kva kjenneteiknar selskapa Amedia og Bonnier? Prøv å finne svaret her: http://medienorge.uib.no/fakta
  2. Kva type medieverksemd eig Amedia og Bonnier ifølgje denne oversikta: http://mediekonsernoversikt.medietilsynet.no/

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter