Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Ungdommens NRK-plakatChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Ungdommens NRK-plakat

Nordiske Mediedagar gjennomførte våren 2015 ei undersøking på oppdrag frå Kulturdepartementet for å finne ut meir om korleis unge ser på NRK.

Som del av NMD-prosjektet gjennomførte NRK sine distriktskontor diskusjonsmøte på lokale vidaregåande skular for å høyre meir om kva som skal til for at tilbodet til NRK blir meir brukt av unge. Undersøkinga munna ut i ein Ungdommens NRK-plakat med forslag til krav som NRK må oppfylle for å bli meir attraktiv for ungdom.

Det kom inn 116 forslag med fem krav i kvar frå skular over heile landet. Krava blei samanfatta i ti forslag som blei lagde fram til avrøysting på konferansen Nmd-UNG i Bergen 5. mai.

Dei fem krava som fekk flest røyster frå dei nær 700 deltakarane, blei overrekte statssekretæren i Kulturdepartementet som ein Ungdommens NRK-plakat, til bruk i arbeidet med NRK-meldinga som blir lagd fram for Stortinget før sommaren, der det også er varsla ei revidering av NRK-plakaten.

Undervisningsopplegget er laga i nært samarbeid med Nordiske mediedagar i Bergen og prosjektleiar for Ungdommens NRK-plakat, Trine Østlyngen.

Oppgåve 1: Klassens NRK-plakat

Opne dokumentet samskrive.ndla.no/p/nrkkrav. Klassen kan også velje å opprette sitt eige dokument på samskrive.ndla.no.

Formuler fem krav som du meiner NRK må oppfylle for at NRK skal vere interessant å bruke for di aldersgruppe. Set opp krava i prioritert rekkjefølgje, slik at det viktigaste kjem først.

  1. krav: Eg vil at NRK skal ...
  2. krav: Eg vil at NRK skal ...
  3. krav: Eg vil at NRK skal ...
  4. krav: Eg vil at NRK skal ...
  5. krav: Eg vil at NRK skal ...

Studer fellesdokumentet etter at alle i klassen har skrive inn krava sine. Er det nokre krav som går att hos fleire?

Vel i fellesskap ut fem krav som elevane i di klasse meiner bør bli ein del av den nye NRK-plakaten. Lag ei kort grunngjeving for kvart krav.

Studer NRK-plakaten slik han føreligg i dag. Kva må endrast for at han skal følgje ønska til den aldersgruppa de tilhøyrer?

Oppgåve 2: Dersom NRK ikkje fanst

Mange unge vel i dag å sjå en film åleine på nettet i staden for å benke seg saman med andre framfor TV-apparatet. Men kanskje kryp du framleis opp i sofaen med godteposen på føremiddagen juleftan for å få med deg dei tradisjonelle juleprogramma til NRK på TV saman med resten av familien?

Felles TV-opplevingar skaper felles referanserammer for medlemmene i eit samfunn. Kva skjer då når vi i staden vel å isolere oss med kvar vår film på nettbrettet?

Lag ein videoblogg eller skriv eit blogginnlegg på 300 ord med tittelen «Dersom NRK ikkje fanst».

Oppgåve 3: Ungdommen sitt NRK

Del 1

Køyr ein Kahoot i klassen for å kartleggje medievanene dykkar. Slik gjer de:

  • Den som styrer kahooten, opnar lenka til kahooten Ungdommens NRK på storskjerm.
  • Etter få sekund dukkar det opp ein PIN-kode.
  • Deltakarane opnar nettsida Kahoot.it.
  • Deltakarane skriv inn PIN-koden og vel sjølve eit nickname.
  • Så er det berre å gå i gang. Køyr kahoot!

Del 2

Nær 1900 elevar på vidaregåande skular frå heile landet har svart på den individuelle NMD-undersøkinga om korleis dei bruker NRK spesielt og media generelt.

  • Les rapporten Ungdommens NRK-plakat som oppsummerer svara.
  • Filer

  • Samanlikn resultata i denne rapporten med meiningsmålinga de gjorde i klassen. Kva er likt? Kva er forskjellig?
  • Diskuter i klassen: Kva kan grunnen vere til at mange unge i alderen 16–19 år bruker NRK i mindre grad enn resten av folket?
  • Korleis trur de at medievanane de har i dag, vil endre seg i løpet av dei neste tjue åra?

Oppgåve 4: Kva no, vesle Noreg?

Noreg er eit land med få innbyggjarar som snakkar eit språk som ingen andre i verda forstår. Korleis skal norsk kultur og det norske språket overleve når dei nasjonale allmennkringkastarane får konkurranse frå internasjonale nettdistributørar som YouTube og Netflix?

  • Lag eit radiokåseri på ca. 3. minutt med tittelen «Kva no, vesle Noreg?»
  • Dersom du ikkje har tilgang til lydutstyr, kan du i staden skrive ein mediekommentar på 500 ord.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter