Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. AllmennkringkastingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Allmennkringkasting

Ein allmennkringkastar har som oppgåve å formidle eit breitt tilbod av informasjon og underhaldning til heile befolkninga. Nokre allmennkringkastarar er kommersielle og reklamefinansierte. Andre er eigde av staten og finansierte ved hjelp av lisens eller statlege tilskot.

Familie som lyttar til radio på 1950-talet. Fotografi.
I gjenreisingstida på 1950-talet var NRK radio samlingspunktet på laurdagskvelden i alle norske heimar.

Allmennkringkasting

Omgrepet allmennkringkasting stammar frå det engelske omgrepet public service broadcasting. Tanken bak allmennkringkasting er at tilgang til informasjon og underhaldning er eit gode som alle borgarar i ein stat har rett på. Ein allmennkringkastar må derfor vere tilgjengeleg over heile landet og ha eit godt og variert programtilbod for alle lyttarar og sjåarar, uansett alder, bustad, interesser eller etnisk/kulturell tilhøyrsle.

Det statlege, ikkje-kommersielle britiske kringkastingsselskapet BBC er den eldste allmennkringkastaren i verda. Allmennkringkastarane er framleis svært populære i mange europeiske land, spesielt i Norden, Storbritannia og Sentral-Europa.

Norske allmennkringkastarar

I Noreg er det Kulturdepartementet som bestemmer kva for kringkastingsselskap som får status som allmennkringkastarar. Desse kringkastarane har eit spesielt ansvar for å halde borgarane jamt orientert om det som skjer, både her heime og ute i verda. Dei nasjonale allmennkringkastarane har også ansvar for å hegne om norsk språk og kultur, og for å vere ein arena for samfunnsdebatt.

Lov om kringkasting regulerer kven som har rett til å drive kringkasting i Noreg, og korleis verksemda må innrettast. Fram til 1980-talet var NRK den einaste allmennkringkastaren i Noreg. Og fram til 2017 hadde vi allmennkringkastarane: NRK, TV 2, Radio Norge og P4. Då vart FM-nettet, det analoge nasjonale sendenettet for radio, fasa ut. Og myndigheitene fann ut det ikkje lenger var grunnlag for å dele ut konsesjonar for radio.

I dag har vi allmennkringkastarane:

  • NRK
  • TV2

Norsk rikskringkasting (NRK)

NRK er eit statleg aksjeselskap der kulturministeren er styreleiar. Verksemda blir finansiert gjennom ein årleg TV-lisens som alle som eig ei TV-mottakar, må betale. Stortinget bestemmer kvart år kor stor denne lisensen skal vere. NRK har ikkje lov til å skaffe seg inntekter gjennom reklame, men det er tillate å la sponsorar bidra ved større arrangement.

Staten har formulert kva krav som skal stillast til NRK som statleg allmennkringkastar i den såkalla « NRK-plakaten »:

  • NRK skal stø opp under og styrkje demokratiet.
  • NRK skal vere allment tilgjengeleg.
  • NRK skal styrkje norsk språk, identitet og kultur.
  • NRK skal streve etter høg kvalitet, mangfald og nyskaping.
  • NRKs allmennkringkastingstilbod skal vere ikkje-kommersielt.
  • NRK skal ha eit attraktivt innhaldstilbod på Internett, mobil-tv o.a.
Logoen til TV2. Foto.
Den kommersielle allmennkringkastaren TV 2 er eigd av danske Egmont og blir finansiert ved hjelp av reklameinntekter.

Kommersielle og statlege allmennkringkastarar

TV 2, Radio Norge og P4 er kommersielle allmennkringkastarar. Dei er eigde av private mediebedrifter som har fått konsesjon frå Kulturdepartementet til å drive riksdekkjande sendingar og tillating til å skaffe seg inntekter ved å selje plass til reklameinnslag i sendingane.

Allmennkringkastarane må operere innan statlege retningslinjer når det gjeld breidde i programtilbodet og plassering av reklameinnslag, men staten har ikkje høve til å blande seg inn i den redaksjonelle verksemda.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter