Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Produktplassering i filmChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Produktplassering i film

Produktplassering er ei form for løynt reklame der eit selskap betaler for at produktet deira blir vist i eitt eller fleire medium.

Sjå opningsscena frå James Bond-filmen Skyfall. Kva for merkevarer får du auge på i løpet av dei to minutta dette filmklippet varer?

Oppgåve 1

Sjå innslag i Dagsrevyen og les saka Når helten går i merkeklede

  1. Kvifor er Filmforbundet kritisk til produktplassering i film?
  2. Kvifor er sosiolog og reklameguru Trond Blindheim positiv til produktplassering i film?
  3. Kva meiner Blindheim fungerer best når ein skal plassere eit produkt inn i ein film?
  4. Korleis regulerer norsk lov produktplassering i norske filmar og TV-seriar?
Dagsrevyen om produktplassering i norsk film

Oppgåve 2

Sjå dei første 25 minutta av dokumentarfilmen The Greatest Movie Ever Sold. Sjå gjerne resten av filmen heime.

  1. Kva ligg i omgrepet «integrert marknadsføring»?
  2. Mange amerikanske fiksjonsfilmar er finansierte ved produktplassering. Kor mange merkepartnarar hadde filmen Iron Men?
  3. Kva for merkevarer blir mest brukt i samband med produktplassering i amerikanske filmar?
  4. I filmen gjennomfører filmregissør Morgan Spurlock ein pitch i møte med aktuelle samarbeidspartnarar. Kva er ein pitch, og korleis går ein fram?
  5. Gjer greie for plottet i den filmen Spurlock ønskjer å lage.
  6. Korleis definerer advokaten han konsulterer, omgrepa «fiksjon», «fakta» og «faksjon», og kva meiner han dette har å seie for måten produkt blir marknadsført på i film?
  7. Kva er merkepartnarane mest opptekne av når dei vurderer om dei skal inngå ein samarbeidsavtale med Spurlock?
  8. Kva for forslag har filmregissøren til korleis ein kan synleggjere merkevara POM i filmen?
  9. Korleis ville du ha reagert dersom merkevarer blei synleggjorde på denne måten i ein vanleg fiksjonsfilm?
  10. Kva for tilbod har Spurloch til hovudsponsoren for filmen?
  11. Ca. 24–25 minutt ute i filmen er det lagt på eit musikkspor. Kva slags musikk er dette?
  12. Kva trur du Spurlock ønskjer å formidle når han vel nettopp denne bakgrunnsmusikken?
  13. Filmen The Greatest Movie Ever Sold blir omtalt som ein «metafilm». Kva ligg i det omgrepet?

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter