Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Studer ein fagleg rapportChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Studer ein fagleg rapport

Fritt Ord nedsette hausten 2012 ei arbeidsgruppe som fekk i mandat å skrive personleg forma artiklar i bokform om konsekvensane av den digitale medierevolusjonen i Noreg. Studer første artikkel i denne samlinga.

sven egil omdal med gullpennen
Artikkelforfattaren Sven Egil Omdal er tidlegare leiar av Norsk journalistlag og Pressas Faglege Utval. På biletet har han nettopp motteke Riksmålsforbundet sin mediepris Gullpennen for framifrå journalistikk.

Gruppeoppgåve

Lag grupper i klassen med tre elever i kvar gruppe. Gruppa skal i fellesskap finne svar på ni spørsmål med utgangspunkt i artikkelen "Demokratiseringens dilemma" (s. 13–30) i Fritt ord sin rapport Journalistikk og demokrati (2013).

Fordel spørsmåla mellom dykk. Skumles innhaldet i rapporten slik at de dannar dykk eit bilete av om lag kor i rapporten de kan finne svar på spørsmåla. Skriv utfyllande svar, og vis gjerne til den sida de har brukt som kjelde.

Deretter legg de fram svara på spørsmåla for dei andre i gruppa. Dersom eit svar er uklårt, kan dei andre i gruppa stille spørsmål. Hald fram til alle i gruppa har klårt for seg kva svaret inneber.

Spørsmål

  1. Omdal seier at avisbransjen er ramma av tre kriser på same tid. Kva er bakgrunnen for desse krisene?
  2. Kva meiner Omdal når han seier at "nettet truer det journalistiske økosystemet"?
  3. Korleis skildrar Omdal det som blir omtalt som "den postindustrielle journalistikken"?
  4. Nemn eksempel på ulike tenester som norske avishus tener pengar på ved sida av nyheitsjournalistikk.
  5. Kvifor er betalingsløysingar for digitalt innhald spesielt interessant i Noreg?
  6. Kva er forskjellen på betalingsløysinga i Fædrelandsvennen og Dagsavisen samanlikna med Østlandets Blad og Mørenytt?
  7. Kva betyr "plusskonsept" som betalingsmodell?
  8. Kvifor er forskarane Anderson, Bell & Shirky kritiske til den økonomimodellen Fædrelandsvennen har valt?
  9. Nokre hevdar at makta no blir flytt frå media (og publikum) til institusjonane som skal overvakast. Korleis grunngir dei denne påstanden?

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter