Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Medieøkonomi i ein digital tidsalderChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Medieøkonomi i ein digital tidsalder

Digitalisering av innhaldsproduksjon, distribusjon og konsum endrar forretningsmodellane i medieindustrien. Situasjonen er spesielt krevjande for nyheitsmedia, sidan marknaden er lite villig til å betale for kvalitetsjournalistikk.

Cyberspace. Foto.

Digitalisering i alle ledd

I løpet av eitt tiår på 2000-talet blei store delar av mediebransjen blitt fulldigitalisert. Digitalisering skjer i alle ledd i produksjonskjeda: innhaldsproduksjon, lagring, distribusjon og konsum.

Denne utviklinga utfordrar tradisjonelle medieøkonomiske modellar som byggjer på sal av eksemplar, slik som trykte aviser, DVD-ar og CD-plater. I dag konsumerer vi filmar og musikk via ulike strøymetenester på nettet. Mange unge les berre nettaviser og ser TV-seriar på nett.

Når mediebransjen gå over frå analog til digital distribusjon, blir distribusjonskostnadene lågare. Produsenten har då sjansen til å ta ut ein større del av meirverdien.

Det er snakk om kostnadsreduksjonar på mellom 80 og 90 %. Digitaliseringa flytter altså kostnadene frå distribusjon til produksjon av innhald. Konsekvensen er at meir innhald kan bli produsert og distribuert av fleire tilbydarar, også av enkeltindivid.

Kurer 157 om medieøkonomi

0:00
Professor Robert G. Picard er ein av dei leiande ekspertene i verda på medieøkonomi.

Effekten av digitaliseringa på produktet

Digitalisering og konvergens (samansmelting av ulike medium) gjer at meir innhald blir tilgjengeleg, og reduserer kontrollen over distribusjonssystemet. Det utfordrar tilbydarar som tidlegare nærast har hatt monopol på distribusjon av medieinnhald. Dei må tilpasse seg ein situasjon der brukaren av innhaldet har fått ein sterkare posisjon.

Digitaliseringa fører også til at nye tilbydarar kjem på banen. Medieinnhald er blitt billigare å produsere med lett tilgjengeleg teknologi. Dette fører til at folk blir meir kreative. Mottakarane går i større grad sjølv inn i rollen som avsendarar. Små land blir i mindre grad avhengige av produksjonskapasiteten i større land. Eit eksempel er afrikansk film som no finn stadig nye marknader.

Kvalitetskontroll viktig

Når mengda av ikkje-redaksjonelle avsendarar aukar, ser vi tydelegare verdien av den kvalitetskontrollen av innhald som dei tradisjonelle media står for.

Men mottakarane kan også vere med på å kvalitetskontrollere og vidareformidle innhald gjennom kommentarar og deling på nettet. Denne kontrollfunksjonen er viktig i ein ny økonomimodell, fordi han fører til at trafikken på ei nettside aukar, og at innhaldet blir utvikla vidare. Men det er mange røyster der ute, og det er ikkje alle det er verdt å lytte til.

Kor fører digitaliseringa oss?

Digitaliseringa har gjort samfunnet vårt til eit nettverkssamfunn. Denne prosessen endrar både tradisjonelle sosiale relasjonar og rolla til tradisjonelle medium. 22. juli-hendingane viste med all gru korleis normer, verdiar og meiningsdanning kan blir forma gjennom samspel mellom menneske som aldri fysisk har møtt kvarandre. Innverknaden til medieorganisasjonar som før sette dagsordenen for den allmenne debatten, blir mindre.

Magasin, bøker, nyheitsbrev, lyd, film osb. som før berre ein liten elite hadde tilgang til i den analoge verda, vil truleg bli meir synleg i den digitale verda. Publikum får meir å velje mellom. Nasjonale og internasjonale nyheiter og informasjon vil vere tilgjengeleg over alt på mange ulike plattformer til liten eller ingen kostnad.

Kvalitetsjournalistikk i ei ny tid

Framtida blir utfordrande, ikkje minst for nyheitsmedia. Dei fleste er samde om at tilstrekkeleg finansierte, uavhengige og mangfaldige nyheitsmedium er grunnleggjande i eit demokrati. I desse dagar går det føre seg ein verdsomspennande debatt om korleis kvalitetsjournalistikken skal overleve ei heildigitalisert framtid.

Kurer 158 og medieøkonomi

0:00
Arne Krumsvik om utfordringar i den nye medieøkonomien.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter