Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Kampen om TV-sportenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kampen om TV-sporten

Kommersielle TV-aktørar kjøper rettar til idrettsarrangement som tidlegare blei formidla av allmennkringkastarar. Er idrettshendingar nyheitsstoff som vi alle bør ha tilgang til, eller er det rein underhaldning?

SKI-VM i Val di Fiemme 2013
Vil oppgjeret mellom norske skijenter etter kvart hamne på betalingskanalar? Eller vil dei store, nasjonale idrettshendingane framleis gå på opne kanalar?

Tenk litt over dette:

  • Kvifor blar TV-kanalane opp millionbeløp for å sikre seg rettane til dei store idrettsarrangementa?
  • Er sport ein viktig del av den norske kulturen?

Kampen om dei olympiske leikane

Den amerikanske mediegiganten Discovery Communications bladde i 2015 opp 1,3 milliardar euro – 11,4 milliardar kroner – for dei europeiske rettane til sommar- og vinter-OL i 2018, 2020, 2022 og 2024. Avtalen gjeld for 50 europeiske land, og for vising både på TV, Internett og mobil.

Discovery Communications har verksemder i 220 land og eig mellom anna TVNorge og Eurosport. Det er desse kanalane som i dette tidsrommet har rett til å vise OL-sendingane i Noreg. Korkje dei norske allmennkringkastarane NRK og TV 2 eller den europeiske kringkastingsunionen var i nærleiken av å kunne tilby eit liknande beløp.

Den olympiske komiteen (IOC) valde i dette tilfellet å gi rettane til dei TV-selskapa som kunne betale mest, ikkje dei som har flest potensielle sjåarar. Ein del kritikarar meiner at dette kan føre til lågare interesse for sportsarrangement.

Kven eig sporten?

I utgangspunkter skil ikkje hendingar knytte til sportskonkurransar seg frå andre hendingar som det er naturleg for nyheitsmedia å referere frå. Mange vil hevde at dette er informasjon som alle bør ha rett til å få del i, og at slike reportasjar derfor ikkje bør «låsast inne» på betalingskanalar. Andre meiner at ein bør sjå på sportsarrangement som betalt underhaldning, på line med rockekonsertar og missekonkurransar.

Internasjonale idrettsorganisasjonar, som IOC og FIFA, forvaltar i dag enorme summar på vegner av idretten. Som kommersielle aktørar er dei interesserte i å skru opp prisen på den «vara» dei sel til medieselskapa. Men fleire av utøvarane som stiller opp for Noreg på slike arrangement, har fått finansiert delar av idrettskarriera si gjennom statlege tilskotsordningar, og mange vil derfor vente å kunne følgje heltane sine i internasjonale meisterskap utan å måtte betale for det.

Usikre reklameinntekter

NRK sende levande bilete frå olympiske leikar frå 1960 til 2012. Desse sendingane har derfor for mange norske TV-sjåarar blitt malen for korleis ein skal dekkje slike idrettsarrangement. Det blei derfor eit ramaskrik då den kommersielle allmennkringkastaren TV 2 sikra seg TV-rettane til dei olympiske leikane i 2014 og 2016. Nokre sjåarar reagerte på at sendingane no blei avbrotne av reklamepausar.

Ein kommersiell TV-kanal er avhengig av reklame. Det er reklamepausane som finansierer sendingane. Men det er sjåartala som avgjer kva reklamebitane kostar. Norsk suksess har derfor mykje å seie for inntekta til norske TV-kanalar. Blir norske handballjenter for eksempel slått ut i kvartfinalen, taper kanalen store inntekter på semifinale og finale.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter