Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Innhaldsmarknadsføring og nye redaksjonelle produktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Innhaldsmarknadsføring og nye redaksjonelle produkt

Avismarknaden er i kraftig endring på grunn av overgang frå papir til nett og mobile einingar. Avisene må utvikle nye produkt for å tene pengar. Nokre av desse produkta gjer skiljet mellom redaksjonell tekst og reklame mindre tydeleg.

Vektklubb
VG har hatt stor suksess med Vektklubb-konseptet.

Jakta på nye inntektskjelder

Tilhøva i avismarknaden er turbulente. Dei økonomiske føresetnadene endrar seg når lesarane no med rekordfart flytter seg frå papir til nett, mobil og lesebrett. Resultatet blir at opplaga fell, at annonseinntektene går ned, og at konkurransen frå den globale marknaden aukar.

Avishusa jaktar difor på nye inntektskjelder. Dei har forstått at inntektene frå journalistikken åleine ikkje er store nok til å halde hjula i gang. Men journalistiske produkt er populære på nettet. Difor satsar eigarane på ikkje-journalistiske tilleggstenester som blir lønsame når dei er kopla til stor nettrafikk. Eit godt eksempel på dette er VG sin Vektklubb, ei betalingsteneste med stoff om slanking og kosthald.

Vektklubb - eit innovativt konsept

Avisa Aftonbladet starta opp med den svenske Viktklubb i 2003. VG kjøpte lisens og lanserte sin eigen Vektklubb i 2005. Det første året selte VG 50 000 medlemskap i Vektklubb, og i 2010 hadde klubben over 200 000 medlemer.

Vektklubb handlar kort fortalt om å gå ned i vekt gjennom å ete sunn mat og drive fysisk aktivitet. Medlemene i Vektklubb får tilgang til reportasjar om dette temaet. Eit ekspertpanel gir stoffet fagleg tyngde.

I perioden 2005–2010 hadde VG inntekter frå brukarbetaling i Vektklubb på omlag 100 millionar. Dette viser at det er betalingsvilje på nettet når innhaldet er nyttig, intimt og nært, og ein ikkje finn eit gratistilbod med same kvalitet.

Måten VG har utvikla konseptet Vektklubb på, er eit eksempel på innovasjon (nyskaping). Avisa tok utgangspunkt i eit stoff dei allereie hadde, dei brukte litt meir ressursar, pakka stoffet på nytt, og lét lesarane betale for medlemskapen.

Kjøpeknappar

Nye aviskonsept og nye inntektsmodellar gjer no skiljet mellom redaksjonelt stoff og reklame mindre tydeleg. I dag ser vi stadig fleire eksempel på kjøpeknappar, webshop og kommersielle funksjonar i tilknyting til redaksjonelt stoff.

Innhaldsmarknadsføring

Sidan annonsar har vore ei veldig viktig inntektskjelde for media, har ein også begynt å sjå på nye former for annonsering. Innhadsmarknadsføring, eller content marketing, er ein slik ny annonsetype.

Som alle andre moderne medietekstar kan også innhaldsmarknadsføring ha ulike former og dukke opp på ulike plattformer, men den mest attkjennelege staden er nok i form av artiklar på forsida av ei nettavis, merkt som annonsørinnhald. Artiklane liknar på dei andre artiklane, men det er altså ikkje snakk om kritisk og uavhengig journalistikk. Nei, dette er ei ny form for annonser – altså reklame.

Fire sauer, en sau med ulvehode. Illustrasjon.
Mange ser på innhaldsmarknadsføring som ein ulv i fåreklede. Tilsynelatande er det journalistikk, men i røynda er det reklame.

Fordelar og ulemper

Tilhengjarar omtaler innhaldsmarknadsføring som ein ny og kreativ måte å reklamere på. Det handlar om å gjere reklame interessant for publikum, ved at ein lagar artiklar eller videoar der føremålet både er å opplyse og å selje.

I dag finst det verktøy som gjer det mogleg å blokkere reklame på nett. Dersom reklamen i ei nettavis ikkje når ut til publikum, blir annonseplassane i avisene oppfatta som lite attraktive for annonsørane. Det vil i neste omgang gå ut over avisene sin økonomi og moglegheita deira til å finansiere god journalistikk.

Andre vil seie at innhaldsmarknadsføring er reklame forkledd som journalistikk og dermed eit forsøk på å lure lesarane. Eit sentralt argument i kritikken er at det tydelege skiljet vi ventar å finne mellom reklame og journalistikk blir mindre synleg for lesarane. God journalistikk kan ikkje vere bunde av kommersielle omsyn fordi den uavhengige stillinga er det som gir journalistikken høve til å vere kritisk.

No er det ikkje slik at innhaldsmarknadsføring nødvendigvis fører til mindre uavhengig og mindre kritisk journalistikk. Ideelt sett er det tvert imot slik at innhaldsmarknadsføring indirekte finansierer den kritiske journalistikken. Men dersom lesarane oppfattar at det er vanskeleg å sjå forskjell på reklamen og journalistikken i avisene, kan det gå utover tilliten til journalistikken, og utan tillit vil det vere umogleg å drive med god journalistikk.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter