Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Frå papir til nettChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå papir til nett

Dei tradisjonelle papiravisene slit økonomisk. Kva er årsaka og korleis kan avishusa møte denne utviklinga? Og kva blir konsekvensen av dette for kvalitetsjournalistikken framover?

Samarbeid mellom aviser

Fallande opplag

I 2008 gjekk Internett forbi papiravisene som kjelde for dagleg mediebruk i Noreg. Dagspressa har gått frå å vere marknadsleiar til å bli det tredje største mediet i Noreg. Så langt har ingen norske papiraviser blitt lagt ned på grunn av Internett aleine, og talet på papiraviser har halde seg stabilt. Men lesarane flytter seg i stor fart frå papir til nett, mobil og lesebrett.

Fallande inntekter

Når lesarane flytter seg frå papir til digitale plattformer, blir dei økonomiske vilkåra endra. Pengestraumen flyt på andre måtar digitalt enn han gjer på papir. Ifølgje konsernsjef Didrik Munch i Schibsted tydde prognosane for 2012 på at Aftenposten ville få ein nedgang på 10 prosent i annonseinntektene samanlikna med 2011. Berre i andre kvartal i 2012 tapte norsk dagspresse 150 millionar i annonseinntekter, samanlikna med same periode i fjor. Derimot hadde søkjemotoren Google aleine 1 milliard kroner i annonseinntekter i Noreg i 2011. Det viser at sjølv om nyheitene er lokale, er annonsemarknaden blitt global.

Sjefredaktør i Aftenposten, Hilde Haugsjerd, illustrerer dei problema avisa har, slik:

Når annonseinntektene er 100 kroner pr. leser, er den 11 kroner pr. leser av nettavisen og bare drøyt 2 kroner for hver mobilleser. En papirleser gir altså like mye inntekt som ni nettlesere, eller rundt 40 mobillesere.

For avisene handlar det difor om å finne modellar som overfører brukarbetaling for papiraviser til brukarbetaling for det same produktet på digitale plattformer.

Kva skjer med journalistikken?

Den økonomiske utviklinga fører til at avisene aukar den digitale produksjonen, samstundes som dei skjer ned på kostnadene. Det blir færre journalistar, og inntektsmodellane på nett stimulerer ikkje til kvalitetsjournalistikk.

Professor Johannes Roppen ved Høgskulen i Volda meiner at færre journalistar vil føre til mindre breidde i nyheitsdekkinga, fleire brot på Ver Varsam-plakaten og at ein i mindre grad vil prioritere ressurskrevjande undersøkjande journalistikk. Medieprofessor Martin Engebretsen ved Universitetet i Agder er redd for at kutta vil gå ut over lokaljournalistikken: Å lage god journalistikk krever mye folk. Jeg tror dette kan føre til at det blir mer innkjøpte ting og saker som er lettere å få tak i, seier Engebretsen til NRK.

Medieprofessor Martin Eide ved Universitetet i Bergen er endå klårare i bodskapen sin i ein kronikk i Bergens Tidende. God journalistikk er eit offentleg gode. Ein kan ikkje drive kvalitetsjournalistikk utan omkostningar. Det koster penger. Og det koster mer. Det koster ubehag. For i en oppegående offentlighet og i en kritisk kultur, er det noe som står på spill, seier han.

Journalist Andreas Wiese peiker i ein kommentar i Dagbladet på at kvalitetsjournalistikk også kan eksistere på nett, ikkje berre i papiraviser. Utfordringen er hvordan man får virkelig brede grupper lesere til å oppsøke, finne og bruke den, skriv han.

Betalingsordningar på trappene

Mange aviser tek seg no betalt for innhald på nett. Men vil lesarane verkeleg betale for kvalitetsjournalistikk på nettet? Eller kan det tenkjast at vi får ei arbeidsdeling mellom nettaviser og papiraviser, der papiravisene blir mediet for kvalitetsjournalistikk?

Dei fleste vil truleg velje fragmentert informasjon på nettet, eit medium der det er lett å bli distrahert av andre tilbod. Det kan føre til at det samfunnsoppdraget media har, på lang sikt blir svekt, og at informasjonskløftene i samfunnet veks.

Les kronikken til sjefredaktør Hilde Haugsjerd i Aftenposten: Inn i en ny tid

Til ettertanke

Aftenposten tek seg betalt for innhald på nett. Er du villig til å betale for å lese denne kronikken?

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter