Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Mediepolitikarar regulerer borgarane sin tilgang til medieinnhald ved hjelp av lover, konsesjonar og økonomiske støttetiltak. Digitalisering av innhaldsproduksjon, distribusjon og konsum har på kort tid endra forretningsmodellane i medieindustrien.

Kronestykker og det norske løve på en bakgrunn av nroske avsier. Manipulert fotografi.

Grunnlova pålegg myndigheitene å sørgje for at folk har tilgang til kunnskap som dei kan basere meiningane sine på, og at dei har reelle moglegheiter til å ytre seg offentleg. Dette er dei politiske partia einige om.

Men partia er ueinige om i kor stor grad og på kva måte offentlege myndigheiter skal gripe inn for å sikre eit mangfald av medium i landet vårt. Verkemiddel i mediepolitikken er økonomiske støttetiltak og lovregulering. Sosialistiske parti ønskjer i større grad ei statleg regulering enn borgarlege parti.

Norske massemedium er eigd og finansierte av både offentlege og private aktørar. Norsk mediestruktur speglar derfor den blandingsøkonomien heile det norske samfunnet er tufta på. Den viktigaste offentlege aktøren er allmennkringkastaren Norsk Rikskringkasting.

Digitalisering av innhaldsproduksjon, distribusjon og konsum har på kort tid endra forretningsmodellane i medieindustrien. Det er ufordrande, ikkje minst for nyheitsmedia. I desse dagar pågår det ein verdsomspennande debatt om korleis kvalitetsjournalistikken skal overleve ei heildigitalisert framtid.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter