Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Mediebruk i 2013ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Mediebruk i 2013

Vi bruker over ein time meir på medium i dag enn vi gjorde for ti år sidan. Den ekstra timen bruker vi på Internett. Vi ser mykje på fjernsyn, men mindre enn tidlegare. Blant unge er Internett i ferd med å ta over for fjernsynet som primærmedium.

Grafikk:  Slik bruker vi massemediene
Slik brukte vi massemedia i 2013

Bruk av Internett aukar mest

I 2013 brukte vi over ein time og eitt kvarter meir i døgeret på medium enn vi gjorde i 2000. Den ekstra timen brukte vi på Internett. Mange har tilgang til Internett på jobb og skule. Difor er bruk av Internett fordelt jamt utover døgeret, med unntak av nattetimane når dei fleste av oss søv.

Tida vi brukar på å lese papiraviser og sjå på TV, er på veg ned. Truleg går ein del av den ekstra timen vi brukar på Internett, med til å lese nettaviser og sjå på nett-TV. Vi får altså dekt dei same behova for informasjon og underhaldning som tidlegare gjennom ein ny kanal.

Elevar ved Vennesla videregående skole fortel om mediekvardagen sin.

Frå papiravis til nettavis

Undersøkinga viser at fire av ti ungdommar mellom 16 og 24 år berre les nettaviser i 2013. Ein av fire nordmenn les framleis berre avisa på papir. Det er dei eldste blant oss (67–79 år) som er mest trufaste mot papiravisa. Prosentdelen av hushald som abonnerer på ei eller fleire aviser har gått ned med 14 % i løpet av fem år. Dette er ei utvikling som alle norske aviser no tek innover seg.

Mest tid på fjernsyn

Ifølgje oversikta frå Statistisk sentralbyrå har fjernsynet framleis ein sentral plass i liva våre. Over to timar i døgeret bruker vi framføre TV-skjermen. Fjernsynet er eit kveldsmedium og har flest sjåarar i tidsrommet 19 til 23. Men TV-mediet er ikkje like populært som tidlegare, spesielt ikkje i aldersgruppa 16–24 år.

Radioen er blitt digital

I gjennomsnitt lytta vi til radio i 1 1/2 time i 2013. Prime-time for radiolytting er tidsrommet mellom klokka 7 og 9 på morgonen, altså frå vi står opp til vi er på plass på jobb og skule.

Stadig fleire av oss lyttar no på ein digital DAB-radio. Ein av grunnane til det kan vere at NRK har køyrt ein kampanje for overgang til DAB-radio. Lanseringa av den nye digitale radiokanalen NRK P1+ har blitt godt motteke blant eldre lyttarar.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs