Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Bruk og misbruk av statistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruk og misbruk av statistikk

Mange medienyheiter handlar om undersøkingar, tal og databasar. Journalistar nyttar ofte statistikk som dei hentar frå ulike kjelder, men det hender at dei tolkar statistiske data på ein misvisande måte.

Professor Frank Aarebrot, UIB, om bruk og misbruk av statistikk.

Statistikk og journalistikk

Har du blitt oppringd av folk som driv med gallup- eller marknadsundersøkingar? Det er ikkje usannsynleg, for det blir gjennomført svært mange slike undersøkingar i løpet av eit år.

Resultata av undersøkingane blir til statistikkar som gjerne hamnar hos journalistar. Slike, og mange andre private og offentlege data, dannar grunnlag for mange aktuelle nyheiter. Statistikk kan seie mykje om det samfunnet vi lever i, om skeivfordeling av ressursar, økonomisk utvikling, forbruk, ulykker og mykje anna.

Databasejournalistikk

Datateknologi gjer det mogleg å lagre enorme mengder informasjon, og Internett gjer denne tilgjengeleg for folk flest. Her ligg ei kjelde til mykje kunnskap. Og når journalistar auser av desse ressursane, blir det gjerne kalla databasejournalistikk. Det handlar om å presentere data på ein slik måte at det gir meining for lesarane.

Bergens Tidende valde å lage ein serie artiklar då dei skulle omtale trafikkulykke-statstikk. Dette er ein måte å gjere data tilgjengeleg og forståeleg på. I andre høve går database-journalistikken i retning programmering. I staden for å presentere ei "forteljing" i tekst og bilete, lagar redaksjonen eit lite dataprogram der lesaren kan søkje etter informasjon.

Eit godt norsk døme på slik journalistikk er "Maktbasen" til NRK, der ein har samla informasjon om dei folkevalde. Her kan du søkje etter politikarar frå Stortinget eller kommunen din, og finne ut kva for verv og næringsinteresser personen har. Du kan altså skrive inn namnet på ein stortingsrepresentant og finne ut om ho sit i styre for ulike føretak og om ho driv eige firma, og du kan finne ut kva ho har røysta i ulike voteringar.

Misbruk av statistikk

Den britiske statsministeren Benjamin Disraeli skal ha sagt at det er tre former for løgn: løgn, forbanna løgn, og statistikk. Professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen seier at journalistar må slutte å tulle med tal. Det gjeld det å halde tunga beint i munnen, for prosenttal og søylediagram kan lyge.

Det er mange som driv med forsking og undersøkingar, men ikkje alle er profesjonelle forskarar, og ikkje alle har like edle motiv.

– Ein journalist treng mykje kunnskap om korleis statistikk blir til, elles kan han lett kome til å misforstå eller bli lurt, seier Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen, som sjølv er valforskar.

– Eg kan nemne ein vanleg feil som journalistar gjer på fagfeltet mitt: La oss seie at eit politisk parti får ein oppslutnad på ti prosent i ei spørjeundersøking og femten prosent i den neste. Kor mykje framgang har partiet hatt? Nokre journalistar vil melde fem prosent, men det blir feil. Ein auke frå ti til femten prosent er ein auke på femti prosent! Samstundes er dette ein auke på fem prosentpoeng, og det var nok det journalistane meinte å seie.

– I seriøs forsking blir det stilt strenge krav til korleis spørjeundersøkingar blir gjennomførte. Spørsmåla skal ikkje vere leiande, og svarpersonane skal utgjere eit representativt utval, for å nemne noko. Her blir det synda i stor stil frå folk som vil tene pengar. Mykje av den statistikken som det blir vist til i reklame, er grovt manipulert, fortel Aarebrot.

– Og mange søylediagram og kurver som hamnar i medieredaksjonane er tilsvarande "tilrettelagde" fordi nokon ynskjer å tene pengar, eller kanskje fordi dei ynskjer å oppnå noko anna, gjerne politisk. Viss eit parti vil avgrense innvandring, er det fint å kunne støtte seg på nokre meiningsmålingar som viser at ein har folket i ryggen.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale