1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Informasjonskløfter og digitale skiljeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Informasjonskløfter og digitale skilje

Informasjonskløfter oppstår når folk har ulik tilgang til informasjon. Utvikling av digital kompetanse er eit viktig tiltak for å motverke digitale skilje.

Professor Rune Krumsvik (UIB) om digitale skilje i skulen.

Digitale skilje

Dei fleste i Noreg brukar Internett, og meir enn 80 prosent har breiband heime. Altså har svært mange av oss tilgang til den enorme mengda informasjon som finst på nettet, og til sjølv å ytre seg i denne globale kanalen. SINTEF-forskar Petter Brandtzæg hevdar at det å kunne bruke PC og Internett snart er like viktig som å kunne lese. Difor er digital kompetanse nedfelt som grunnleggjande ferdigheit i norske læreplanar.

Dei nye media gjev oss tilgang til store mengder informasjon og gjer det enkelt å ta del i samfunnsdebatten. Men ikkje alle gjer seg nytte av denne moglegheita. Vi bruker media ulikt. Difor oppstår det informasjonskløfter eller digitale skilje mellom generasjonar, verdsdelar og menneske med ulik kulturell kapital.

Tidlegare blei nemninga digitale skilje brukt for å peike på skilnadene mellom dei som hadde tilgang til datautstyr og nettsamband, og dei som ikkje hadde det. Både utstyr og oppkopling kosta ein god del pengar og kravde eit minimum av teknisk innsikt. Dessutan var det først og fremst større byar som hadde raskt nettsamband. Det var altså ei skeivfordeling der folk med god inntekt og utdanning hadde dei store fordelane, særleg dei som budde i byane.

et eldre ektepar lytter på radio
Radiogåvefondet, som blei stifta i 1937, skaffa radioar til gamle og sjuke.

Digitale skiller

0:00
Kurer om digitale skilje

Eit skilje blir viska ut, nye veks fram

I dag er både datamaskiner og nettsamband billegare og enklare å betene, og stort sett alle område her i landet der det bur folk, har brukbare oppkoplingstilhøve. Dei som ikkje har ordna seg med utstyr heime, kan kome på nett på biblioteket eller på ein nettkafé. I velferdsstaten Noreg blir det dessutan sytt for at alle som går på skule, får tilgang til og opplæring i digital mediebruk.

Skiljet mellom dei som har tilgang til nettet og ikkje, er altså nesten viska ut. Likevel er ikkje nemninga digitale skilje lagt bort. Det viser seg nemleg at det oppstår systematiske skilnader på korleis folk klarar å dra nytte av nettet. Nokre hentar ut mengder med ny kunnskap, andre lèt seg oftare spore av med underhaldning. Nokre kastar seg ut i blogging og lagar eigne nettsider, andre manglar kunnskap om korleis dette skal gjerast – eller lyst til å gjere det.

Afrikansk barn les på mobil. Foto.
Tilgang til informasjon er viktig for dei fattige i verda. Sjølv om dei aller fleste barn i verda går på skule, er det eit kjempeproblem at veldig mange barn ikkje har lesebøker på eit språk dei forstår. Gjennom FN-prosjektet Global Digital Library (GDL) får no barn i heile verda gratis tilgang til lesebøker på minst hundre språk via print, nett og mobil. Norske partnarar i prosjektet er Norad og NDLA.

Globale skilje

Noreg er eit av dei rikaste landa i verda, og utjamning av sosiale skilnader er viktig for oss. Difor har vi klart å redusere det tradisjonelle digitale skiljet som handlar om tilgjenge til datamaskiner og Internett. Men i store delar av verda er dette skiljet framleis eit problem. Det er mange fattige menneske i verda, og få av dei er på nett. Det er òg mange som lever under totalitære regime. Dei blir ramma av sensur og opplever at dei blir nekta tilgang til store delar av nettet.

Både samfunnsutvikling og økonomisk utvikling er knytt til det å vere på nett. Her ligg ressursar for utdanning og læring, informasjon og nyhende om kva som går føre seg i verda. Og her ligg høve til å opprette kontaktar og nettverk og drive næringsutvikling og politisk arbeid. Ein FN-rapport slår fast at tilgang til Internett bør vere ein menneskerett. Dette er med andre ord eit globalt fordelingsproblem.

GDL- gratis lesebøker på hundre språk

Er du samd i påstanden:

– Å kunne bruke PC og Internett er like viktig som å kunne lese og skrive.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale