Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Kviler i fred – på FacebookChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kviler i fred – på Facebook

Ei minnegruppe er ei Facebook-gruppe som blir oppretta av ein nær etterlaten kort tid etter eit dødsfall. Minnegrupper blir brukte til å uttrykkje medkjensle med dei etterlatne, og til å dele eigne tankar og minne om den døde.

Trafikkoffer

I dei første dagane etter dødsfallet er det mange som melder seg inn og gjer uttrykk for medkjensle med dei som stod den døde nærast. Han eller ho som oppretta minnegruppa, deler minne om den døde og tankar kring dødsfallet. Fleire nære etterlatne skriv direkte innlegg til den avdøde. Dei formulerer seg ofte som om den døde framleis er i live, fortel om ting som dei har gjort, og spør korleis det går.

Fleire vener i døden enn i livet

Eit interessant trekk ved minnegruppene som blir oppretta på Facebook, er at dei døde ofte får fleire Facebook-vener etter døden enn dei hadde mens dei framleis levde. Mange er nysgjerrige på kva som har skjedd, og nokre ønskjer nok også fokus på seg sjølve.

Gjennom aviser, TV, radio og Internett får vi kvar dag døden rett heim i stova. Alle dødsfall er ei dramatisk hending som fangar merksemda vår. Men vi reagerer ekstra sterkt når døden rammar nokon som vi kjenner. I slike situasjonar er nye sosiale medium ein stad der vi kan gje uttrykk for frustrasjon, sorg og sakn.

Ein ny møtestad for dei sørgjande

Både ritualforskarar, medieforskarar og fagfolk som arbeider med menneske i sorg, har merka seg at ungdom i stor grad bruker sosiale medium for å minnast avdøde vener og familie. Det er eit felt som det tidlegare har blitt forska lite på. Men etter terrorangrepa 22. juli har det fått mykje merksemd.

Sosiale medium spelar ei stor rolle i kvardagen til unge menneske. Så stor at mange unge meiner at det er viktigare enn den fysiske kontakten med vener. Her ”lev dei livet”. Dei sjekkar jamleg kva vener og kjente driv med, og kva for bilete dei legg ut.

For mange er difor sosiale medium ein naturleg sted å dele sorg og frustrasjon. I krisesituasjonar er det vanskeleg å vite kva ein skal seie og gjere i møte med pårørande og etterlatne. Då vel mange heller å uttrykke medkjensle på Facebook.

Til ettertanke

Kva tenkjer du om at mange unge har fleire vener etter at dei er døde enn dei hadde mens dei levde?

Snakk gjerne med ein medelev om dette.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale