Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Unge sine medievanarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Unge sine medievanar

Unge i dag har andre medievanar enn foreldregenerasjonen. Ny teknologi har gitt oss nye medium og nye moglegheiter. Elevar på Elvebakken vidaregående skule i Oslo har undersøkt unge sine medievanar. I denne oppgåva skal du lage ei liknande undersøking.

Elevar frå Elvebakken vidaregåande skule om medievanane til ungdom

Undersøk dei unge sine medievanar

  1. Sjå intervjuet med Pia, Benedicte og Thea frå Elvebakken vidaregåande skule under Mediedagane i Bergen våren 2011. Kva har dei funne ut om unge sine medievanar?
  2. Gå saman i grupper på tre og gjennomfør ei undersøking av medievanane i klassen eller på skulen din.
  3. Samanlikn eigne data med dei funna elevane på Elvebakken gjorde. Er det samsvar?
  4. Kva kan grunnen vere til eventuelle avvik?
  5. Samanlikn data frå elevundersøkingane med data frå anna medieforsking. Er det samsvar?
  6. Kva kan grunnen vere til eventuelle avvik?
  7. Lag ein kort presentasjon på 5 minutt og presenter han for klassen. Hugs at alle tre skal seie noko.

Eigenvurdering

Når de er ferdig med oppdraget, kan de diskutere desse spørsmåla i gruppa:

  • Er informantane de valde representative for den gruppa de undersøkjer (klassen, skulen, unge)?
  • Kan den undersøkinga de har laga, samanliknast med undersøkinga som vart gjort på Elvebakken?
  • Er konklusjonane dykkar basert på fakta, ikkje på synsing?
  • Fekk de fram dei viktigaste funna de gjorde i presentasjonen?
  • Klarte de å gjere presentasjonen interessant for dei andre elvane i klassen?

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale