Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Minoritetar i mediaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Minoritetar i media

Haldningane våre til personar som tilhøyrer etniske minoritets-grupper blir påverka av omtalen i media. I dag er fleire med innvandrarbakgrunn med på å prege mediebiletet med si eiga røyst.

– Når du som innvandrar har gjort noko bra, for eksempel på idrettsbanen, er du norsk. Gjer du noko kriminelt, har du utenlandsk opphav, seier journalist og forfattar Øivind Fjeldstad.

– Når journalistar skriv om personar i samband med kriminalitet, trekkjer dei ofte fram den etniske eller utanlandske bakgrunnen til personen. Derimot viser det seg at når innvandrarar gjer suksess i Noreg, til dømes innanfor idrett, blir journalistane ofte fargeblinde. Då er innvandraren «nordmann», seier journalist og faglitterær forfattar Øivind Fjeldstad.

Kvifor er det viktig med eit kritisk blikk på media si dekning av minoritetar i det norske samfunnet?

– Mange medieforskarar har påpeikt at media har stor påverknadskraft på folk sine haldningar på ulike område. Det gjeld særleg der folk ikkje har så mykje personleg erfaring. Og det er mange som ikkje kjenner ein somaliar, tyrkar eller pakistanar personleg. Dersom media omtaler til dømes somaliarar hovudsakleg i samband med kriminalitet eller andre problem, kan det føre til negative haldningar til somaliarar.

Meiner du at media gir eit feilaktig bilete av røyndommen?

– Media er særleg opptekne av ting som skil seg ut frå det vanlege livet. Når eit fly ikkje styrtar, er det ikkje eit nyhende. Nyhende handlar ofte om negative hendingar eller ting som går gale. Det kan då bli slik at media skriv om til dømes somaliarar dei gongene dei gjer noko kriminelt eller på ein annan måte er ei belastning for samfunnet, men ikkje elles. Dermed får vi presentert eit bilete som ikkje stemmer med det verkelege livet.

Er det andre som medverkar til at media gir eit unyansert bilete av røyndommen?

– Media opererer ikkje i eit tomrom. Mykje av det dei tek opp, er utspel og saker som politikarar kjem med. Dersom ein politikar uttrykkjer sterke meiningar om til dømes islamisering eller bruk av hijab, vil media omtale det. Media vil også gjerne spissformulere ei utsegn, slik at dei forsterkar det politikarane eller andre seier. Saman kan politikarane og media dermed gi eit skeivt bilete av røyndommen, der motsetningar og problem dominerer.

Programlederne Karyn de Laine Bennett-Lund fra USA (t.h.) og Hung Mai Ba fra Vietnam (t.v.) i TV-progammet Migrapolis i NRK har
NRK-progammet Migrapolis var i si tid med på å skape eit nyansert bilete av personar med minoritetsbakgrunn i Noreg.

Er det forskjell på media si dekning av minoritetar i Noreg og i andre delar av verda?

– Det kan ha mykje å seie kvar menneska som blir omtalte, held til reint fysisk. Det finst fleire døme på at media framstiller flyktningar eller andre grupper menneske med meir sympati når dei er utanfor Noreg enn når dei er i Noreg. Tenk mellom anna på det du har lese om romfolket. Når dei er i Noreg, omtaler media dei ofte i samband med småkriminalitet og tigging. På den andre sida viser media medkjensle når romfolket blir behandla dårleg lenger sør i Europa. Då blir dei i stor grad framstilte som offer for samvitslause politikarar.

Kan media si dekning av ulike innvandrargrupper endre seg over tid?

– Mediedekninga blir påverka av kor lenge den etniske gruppa har vore i Noreg. I 1970-åra kom det mange vietnamesiske flyktningar hit. Denne innvandringa fekk stor plass i media. Seinare var det mange negative oppslag om vietnamesarar som var innblanda i kriminalitet. Men i dag er det sjeldan vi les eller høyrer om vietnamesarar. Vi kan seie det slik at når ei gruppe i befolkninga ikkje lenger blir omtalte i media, tyder det på at dei er blitt godt integrerte i Noreg. Då er dei ikkje lenger interessante for pressa, ettersom dei er blitt til «vanlege» nordmenn.

Under Melodi Grand Prix finalen på Telenor Arena i 2010 stilte NRK med programlederne (fra v) Haddy Jatou N'jie, Erik Solbakken
Under Melodi Grand Prix-finalen på Telenor Arena i 2010 stilte NRK med programleiarane (frå v.) Haddy Jatou N'jie, Erik Solbakken og Nadia Hasnaoui – eit fargerikt trekløver.

Ser du nokre positive utviklingstrekk i det biletet media gir av innvandrarar?

– Innvandrarar dukkar framleis ofte opp i saker om kriminalitet, eller dei blir framstilte som ei gruppe som lever på sida av det norske storsamfunnet. Men det har skjedd ei gradvis normalisering i dette biletet av innvandrarar. Stadig oftare dukkar det opp intervjuobjekt med namn som Ibrahim og Kadra i allmenne nyhendesaker og reportasjar.

– Samtidig har vi ein ny generasjon menneske med innvandrarbakgrunn som har vakse opp i Noreg, og som stadig oftare er å sjå i media med eigne meiningar i kronikkar og innlegg. Det blir dermed fleire «innvandrarrøyster» i media og ikkje berre nokre få som uttaler seg på vegner av ei heil gruppe menneske.

– Fleire fjernsynskanalar og aviser er blitt bevisste på å rekruttere journalistar med fleirkulturell bakgrunn. Det skaper eit større mangfald i dekninga og gjer at innvandrarar i mindre grad blir framstilte som ei einsarta gruppe menneske.

Bruker innvandrarar norske medium?

– Undersøkingar viser at dei innvandrarane som snakkar godt norsk, i stor grad bruker norske medium. Dei ser på norsk fjernsyn og les VG. For å halde på denne målgruppa er det i media si eiga interesse å gi eit balansert bilete av ulike grupper i befolkninga og ikkje skape eit skarpt skilje mellom «oss» og «dei».

– Dersom du opplever at media nesten berre omtaler folk med same bakgrunn som deg i negative samanhengar, vil det gjere noko med den tiltrua du har til media. Det kan gi ei kjensle av at du ikkje er akseptert som ein fullverdig medlem av samfunnet.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale